Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Godt samarbeid med kyrkjelydar

Frå ei samlingsstund i Udland kyrkja.
Foto: Gjermund Lygre

Kyrkjelydane «våre» ber regelmessig for landet der prosjektet dei støttar er i, menneska, arbeidet, kyrkjelydar og prosjektet. Og pengar til arbeidet blir samla inn. Samstundes fører også dette med seg velsigning for kyrkjelydane i form av forbønn frå samarbeidspartnarane i samarbeidslanda, auka engasjement i kyrkjelydane, innsikt og augo opne mot verda. Vi får saman sjå at vi høyrer til i den verdsvide kyrkja.

Den siste tida har Nepal vore mykje i fokus på grunn av jordskjelva. Då er det godt å få vere med og gje til våre medmenneske og søsken i Nepal. Fleire av kyrkjelydane «våre» støttar Nepal. På søndag var eg på Hjelmeland og opplevde eit godt og sterkt engasjement for Nepal og dei mange der som har krevjande utfordringar dei står i. Det er godt å sjå at det nyttar å hjelpe. Hjelpa når fram til dei trengjande i Nepal gjennom vårt og andre sitt arbeid.

Er du på nettet gå inn på you-tube og søk på «Lyden av håp». Ein kort filmsnutt som viser at hjelpa når fram.

Skåre kyrkjelyd i Haugesund støttar Helsehageprosjektet i Mali. Dette gjer dei på ein god og engasjert måte. Mange i kyrkjelyden har eit engasjement og hjarta for arbeidet i Mali. På "Etter skuletid" er både dei tilsette, frivillige og borna aktivt med og støttar arbeidet. "Etter skuletid" er eit fast tilbod for born frå 1. til 7. klasse kvar tysdag etter at skulen er ferdig for dagen og fram til 15.30. Då får dei mat, ei lita samlingsstund i kyrkja og ulike aktiviteter. På "etter skuletid" har dei hatt besøk av Karen Ekern, Lonhe Stranden og underteikna. Borna har mellom anna fått vore med på ein Mali dag. Då fekk dei vere med og laga mat på malisk vis og vaska klede på tradisjonelt vis, laga og drukke te, laga og ete smultboller for å nemne noko. Vi har også hatt gudstenester med Mali-preg der borna har delteke med song og drama. På kyrkjekaffien har dei vore med og selt te og boller til inntekt for helsehagen. Det er kjekt å få oppleve eit slikt engasjement og eit slikt godt samarbeid.