Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Hausten 2015 på Holmely

Foto: IIF

Du høyrer lyden av bølgjeskvulp mot land og ser innover Nordfjorden medan du forsyner deg av heimelaga mat. Ein tjeld eller ei ørn seglar forbi i lufta. Ein fredfull plass - eit pusterom frå kvardagen der du kan kople av og senke skuldrene. Slå av ein prat med andre gjestar, eller rusle ein tur for deg sjølv til holmen utanfor. Ein plass der ein kan få lufte utfordringar og stormar i livet. Bli møtt med respekt og varme. Ikkje bli dytta på Gud, men ønskjer du å snakke om han eller bli bedt for, har du moglegheit til det. Få påfyll gjennom undervisning som er både livsnær og «Gudsnær» - for Gud møter oss i livet slik det er.  
Holmely - ein jordnær plass med open himmel! 


Program hausten 2015

28.-30. august: «Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på»
Temahelg m/ramme av retreat ved Heidi Strømsmo og Eva S. Langseth

Torsdag 10. september: Bønedag     
Kl. 17.30-21.30

17.-20. september: Retreat
«Vi er eit folk på vandring»
3-dagars retreat ved Audun Aase, Jorunn Glomnes og Eva S. Langseth

9.-11. oktober: «Følelsar og kommunikasjon»
Kurs m/ramme av retreat i samarbeid med Fermate Sunnmøre.
Vi fortset kursserien: «Ta vare på deg sjølv og andre» - ei helg for deg personleg i dine prosessar i livet, og samtidig eit lærerikt og utrustande kurs som kombinerer menneskeleg erfaring, sjelesørgerisk teori og teologisk refleksjon forankra i Bibelen..

22.-25. oktober: Bibelhelg med Anfin Skaaheim
Laurdag 24. oktober frå lunsj deltek vi på haustmøtet til Normisjon som blir på Fjordly, der Skaaheim har både seminar og festtale.

Laurdag 31. oktober: Bønedag
Kl. 10-16.

20.-22. november: «Å vekse djupare i Gudsrelasjonen i livets ulike årstider»
Temahelg m/ramme av retreat ved Heidi Strømsmo og husfolk på Holmely

4.-6. desember: Adventsretreat «Med lengsel og forventning»
2-dagars retreat ved Brit Lundby Hilde og Sigrun Berge Raae

Brosjyre for hausten: Holmelyhausten 2015.pdf

Påmelding i god tid, seinast ei uke før arrangementet starter, til:
Holmely Omsorg og Retreat
6711 BRYGGJA 
Tlf. 57853425
e-post: holmely@normisjon.no

Her ligg Holmely - sjå kart

Meir informasjon om Holmely:
www.holmely.no
www.facebook.com/holmely - lik Holmely på Facebook! 
www.retreater.no/retreatsted/holmely

Reise til og frå Holmely:
Gode bussamband frå/til Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim.
Ekspressbåt Bergen – Måløy 2 g. daglig. Deretter buss i ca 30 min til Holmely/Totland (Bryggja)
Fly frå Oslo/Bergen til Sandane, buss til Holmely/Totland (Bryggja).