Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Nytt kor i Måløy

Oslo Soul Children
Foto: Oslo Soul Children

Kva skjer?
Etter mange år med ein draum om Soul Children, har Marte-Iren Lade fått med seg Frode Kvalheim og Knut Olav Bjørnholm og startar opp Måløy Soul Children. 1. september brakar det laus på Måløy bedehus. Her kan alle som har lyst å synge, frå 5. -10. klasse, møte opp og vere med. Musikken er stilig, og passar godt for både gutar og jenter. I Vågsøy er det fleire barnekor for dei yngre barna. No kan dei gå over til Soul Children om dei vil, når dei kjem i storskulen. Eit kortilbod til denne aldersgruppa er etterlengta.

Soul Children
Det finst omtrent 140 Soul Children-kor rundt om i landet. Dette er ei rørsle i sterk vekst. Det heile starta i Oslo i 2001, med Oslo Soul Children og Ragnhild Hiis Ånestad som initiativtakar. Konseptet har òg spreidd seg ut over landet sine grenser, med avleggarar i mellom anna USA, Japan, Indonesia, India, Danmark og Tyskland. Kvart år er det Soul Children-festival i Oslo. I år skal den vere i Oslo Spektrum 16.-18. oktober, med fleire tusen påmelde songarar. Ryktene går om stor stemning og mykje glede og inspirasjon på desse festivalane.

Soul Children er ein del av Acta, barn og unge i Normisjon. Måløy Soul Children blir dermed eit lokallag i Acta. Actaleiar for Sogn og Fjordane, Stine L. Hopland, er god på song og musikk, og er ein ressurs for desse kora.

Planar
Det blir ingen Spektrum-tur for Måløy Soul Children denne hausten, men kanskje neste? Hausten blir langt frå kjedeleg likevel. Kormedlemene skal få lære mange nye songar, bli kjent med kvarandre og opptre ulike stader. På øvingane blir det sjølvsagt mykje song, men òg tid til andakt, prat, spel, bordtennis og frukt. Til våren skal det vere Soul Children-gathering for Sogn og Fjordane, og då er Måløy Soul Children klar for tur! Det er kjekt å treffe andre med same interesse, lære nye songar og synge i eit stort kor!

Velkomen
Alle i 5.-10. klasse er hjarteleg velkomne til Måløy bedehus tysdag 1. september. Håpet er at tweens og ungdomar frå heile kommunen, og nabokommunane, har lyst til å vere med i Måløy Soul Children. Øvingane blir tysdag i partalsveker frå kl. 17:30-19:30. Sprei nyhendet om Soul Children i Måløy, og bli gjerne med!