Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Kvinnehelg i Innerdalen

Velkomstkaffe før vegen opp til Innerdalshytta
Foto: Elisabeth Østergaard

"Frimod er mindre tilgjengeleg og meir tilstades", sa Mette. " Vi må vere tilstades hjå Gud, i oss sjølv og for kvarandre på vegen vidare. Kvar går din veg vidare i haust?" Oppmodinga til å bruke helga på å lytte til kva som ligg i kvar enkelt av oss og kvar vi skal vidare, følgde heile helga.

Laurdag starta heile gjengen frimodig på vegen opp til Innerdalstårnet. Alle kom opp til Jiklevatnet som ligg ved foten av fjellet, og nesten alle trakka vidare i bratt og ope terreng. Heile 27 av 40 spreke damer kom seg på toppen av det imponerande tårnet, som ragar 1452 m over havet! 

På veg opp mot Innerdalstårnet. Foto: Elisabeth Østergaard

Helga var velsigna med gode samtalar, gjennomlevd og relevant undervisning og god mat, omgjeven av vakker natur - vist frå si beste side! 

Martha Innerdal er den som trekker i trådane for å få til denne helga, som vart arrangert for 5. gong.