Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Startet nytt fellesskap

Foto: Thomas Hammer

– På G2 gjer vi det enkelt, seier pastor Arve Reigstad når samlingen startar:
– Vi tar i mot Guds ord gjennom enkel forkynning, tar imot nattverd, ber for kvarandre, deler det vi opplever med Gud i kvardagen og lovsyng og takkar Gud.

Norkirken Nordhordland har lenge hatt pulserande Storsamlingar der store og små aktivt tar del. I vår starta G2, eit nytt og enklare gudstenestefellesskap for ungdom og unge vaksne.
– Vi ønsker at mange unge skal finne sin plass på G2, seier Arve, ikkje berre som passive møtedeltakarar, men ved å delta aktivt i ei teneste.

Eit sterkt musikkmiljø har vært eit av kjenneteikna på Norkirken Nordhordland sidan oppstarten for 11 år sidan. På G2 denne søndagen er fleire «generasjonar» saman i lovsongsteamet, dei yngste heilt i starten av tenåra. Teamleiaren stiller i russeklede.

Norkirken Nordhordland står saman med Frekhaug Indremisjon om G2-fellesskapet, med månadlege samlingar på Frekhaug bedehus.

– På storsamlingane til Norkirken er tenestene i gudstenesta grundig organisert, men på G2 lar vi nådegåvene blomstre spontant, der og då.
Og G2-fellesskapet blomstrar. Først er det stilt når vi vert utfordra til å dele noko frå livet med Gud. Men når ein først har delt, kjem alle dei andre med glimt av hva Gud har gjort.