Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Fokus på fellesskap

Frå Agenda1-samlinga i Innvik i mars 2015.
Foto: Vegard Tennebø

Fellesskapsutviklar i Sogn og Fjordane, Vegard Tennebø, meiner at "det vi satsar no, er heilt avgjerande for om det skal vere eit Normisjon med lokale røter i bygdene våre om 15 – 20 år." 
Vi har teke ein prat med han.

Rett etter fusjonen mellom Indremisjonsselskapet og Santalmisjonen var det ca. 3000 foreiningar tilslutta Normisjon på landsplan. I dag er det ca. 1100. Det er ein tydeleg tilbakegong. Også på vår kant av landet ser vi mindre aktivitet i og utifrå bedehusa. Satsinga her i regionen er såleis ikkje eit skot i blinde av regionsstyret, men ein heilt bevisst strategi for å kunne overleve som organisasjon.

Kallet
- Kvifor er fellesskapsutvikling så viktig, Vegard?
   - Først og fremst er det viktig fordi Jesus har gjeve eit oppdrag som vi i vår tid er invitert til å sjå som vårt kall: Å gjere alle folkeslag til læresveinar. Det er jo det som er visjonen vår i Normisjon også; «Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag.»
   - Fellesskapet er heilt avgjerande for eit sunt og godt disippelliv. Kristen tru var aldri meint å vere eit solo-prosjekt, men meir som eit familieliv, der vi saman får sjå meir av han som har all makt i himmel og på jord og som går med oss alle dagar, slik at vi finn styrkje til å leve som hans sendebod i bygdene.
    - Alle andre grunnar er for meg underordna dette eine. Men skulle eg nemne nokre av dei underordna grunnane også, så kan eg trekkje fram tre:
1. Mange søkjande finn seg ikkje til rette i dei etablerte samlingane i kyrkje og bedehus.
2. Den beste måten å engasjere nye på er å starte noko nytt, for eigarskap avlar alltid med-arbeidarskap.
3. Normisjon si framtid står og fell med at vi får starta nye, lokale og vitale fellesskap.

(Saka held fram under biletet.) 

- Fellesskapet er heilt avgjerande for eit sunt og godt disippelliv, seier Vegard Tennebø. 

Eksisterande foreiningar
- Kva gjer Normisjon for å utvikle eksisterande fellesskap?
   - Det er eg glad for at du spør om – for dei er kjempeviktige. Eg opplever av og til at det kan verte litt sårt for etablerte fellesskap å sjå nye fellesskap komme til. Kanskje det kan kjennest ut litt som når ein som foreldre sender ungane på skule og seinare dreg dei ut i livet for å stå på eigne bein. Når borna gjer eigne val som ikkje er heilt like dei foreldra gjorde, kan det opplevast ein indirekte kritikk. Men det er det ikkje. Slik tenkjer eg det kan vere med fellesskap også. Den positive grunngjevinga for å starte nytt, er ikkje samstundes negativ kritikk av det som er etablert. Foreiningane våre har vore og ER kjempe-viktige for dei som går i dei, og dei gjer viktig arbeid i bøn og gjennom gjevarteneste for misjonen.
   - Vi har invitert dei foreiningane som ville med på eit toårig løp, eit læringsfellesskap som heiter Agenda1. Der har kvar foreining arbeidd med sin visjon, si verksemd, for å byggje inn større intensjon i møte med tema som disippelskap, fellesskap, misjon og leiarskap. Det har vore fantastisk å sjå den utviklinga som dette har gjeve.

Nyplanting
- Og planting av nye fellesskap, då? Skjer det noko der?
   - Ja! Eg kan nemne at det er starta ei unge vaksne gruppe i Florø, og at det har skjedd utruleg spennande ting med foreiningane i Førde og på Ytre Stad. Men det eg vil fokusere på her, er at det er starta nye fellesskap på Eid og på Sandane.

Eid
- I fjor møttest ein gjeng med unge vaksne i ein heim på Eid. Like etterpå starta to husgrupper, som har møtst nesten kvar veke i snart eitt år. I mars i år, starta dei «Møtepunkt Betania» på Betania på Eid, eit møte der dei trommar opp med band og song, barneopplegg og forkynning kva gong. «Møtepunkt Betania» er eit lite og spennande fellesskap som drøymer om å få bety ein skilnad i lokalsamfunnet på Eid. Hovudforeininga har tatt imot dei med opne armar, noko leiargruppa uttrykkjer stor takksemd for. Dette blir ein gjeng å følgje med på vidare.
   - Det har vore trusstyrkjande å sjå kor kort veg det er for dei frå tanke til handling.

Sandane
- På Sandane har vi gått litt meir forsiktig fram. Kanskje fordi det er så mange kristne aktivitetar å dulte bort i? Leiargruppa her har vektlagt grundige prosessar og djuptpløyande arbeid med visjon og verdiar før ein set i gong. I vår inviterte dei til smågruppesamling der mange møtte opp og fleire smågrupper vart starta. Tanken her er å starte eit nettverk av smågrupper rundt om i kommunen, sjå kva behov som melder seg derifrå, og så la vegen vidare bli til i møte med dei behova.

Framtida
- Korleis trur du framtida vil bli?
   - Det er litt vanskeleg å seie. Eg opplever at sjølv om dei er forskjellige, desse fellesskapa, er det likskapar også. Begge fellesskapa er like opptekne av bygda si, som seg sjølv. Begge fellesskapa har familiesegmentet som utgangspunkt (ikkje avgrensing). Og begge fellesskapa har trusutvikling og disippelskap som uttalte målsetningar. Det blir spennande å sjå korleis dette DNA-et vert når det slår ut i full blomst. Mitt håp er at dei saman med den etablerte kyrkja og med det etablerte Normisjon kan nå lengre og breiare, fordi dei er forskjellige. Forskjell er ikkje trussel eller konflikt, men moglegheit og samarbeid.

   - Som fellesskapsutviklar er det viktig for meg å kunne gå tett saman med desse nyplantingane, og tene dei slik dei treng det. Spesielt på forkynning og oppfølging av leiarar, ser eg at vi som Normisjon kan vere ei god hamn for nye fellesskap å leggje til i.
   - Verdt å nemne er også at vi legg ut husgruppeopplegg på nettsidene våre, der alle har tilgang til å laste ned talar og opplegg for samtaler, studie og bøn i mindre grupper.

   - Eg vil også be om forbøn. For dei nye fellesskapa, og for regionen si satsing på dette. Det er også mogleg å vere med å støtte stillinga mi økonomisk gjennom fastgjevarteneste og gåver. Det trengst. Og det nyttar. I mine auge er framtida til Normisjon lys.

Kontaktinfo Normisjon Sogn og Fjordane