Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Framleis krevjande dagar i Mali

Foto:

Menneskehandel, flyktningar reiser gjennom området, våpen-trafikk, narkotikaruter, det er mange «gode» grunnar for å kontroll over området. I alt dette er det mykje å tene og lokale og nasjonale myndigheiter har tent gode pengar på å sjå gjennom fingrane på dette.

No nærmar det seg at partane klarar å finne ut kva dei gjer med byen Anefis som ligg sør for Kidal. Gatia, ei gruppe som er nær regjeringa tok kontrollen over byen, men fredsavtalen motseier dette. CMA, dei som kjempar for meir sjølvstende for Azawad eller deler av nord-Mali, har no gått frå forhandlingsbordet på grunn av dette brotet på avtalen.  No har det vore intense forhandlingar for å kome ut av hengemyra ein er i og ein ser ut til å klare det. Tilbaketrekninga har byrja melder maliske medier i dag.

Ei amerikansk undersøking viser at den maliske hæren er ein av dei svakaste i verda. På statistikken kom dei på plass nr 124 av126. Det er med og gir ei lita forklaring på noko av situasjonen. Kvifor den er så svak er det mange grunnar til. Men det tar vi ikkje no!

Avisa «Vårt Land» hadde to sider om Mali i førre veke. Den gløymde katastrofa var vinkelen. Mange er framleis flyktningar, dårleg regntid er eit varsel om hunger og så har vi den ustabile situasjonen i tillegg. Det er dessverre meir enn nok å ta av.

Når ein  veit at Qatar, Saudi-Arabia melom anna investerer mykje for å fremje wahabismen i Mali( ein konservativ teologi/form for islam som ein ser tydelege spor av i Bamako og elles) så kan ein lure på korleis utviklinga blir framover. Undersøkingar syner at det er fleire og fleire som sluttar seg til ein meir konservativ teologi blant muslimane i Mali.

Når ein av mine gode vener i Mali som evnar å vere optimistisk og sjå utvegar for Mali, uttrykkjer frykt for framtida på grunn av uroa mest i nord, på grunn av hotellangrepet i Sevare og uro på grensa mot Burkina Faso kjenner eg også på meir uro for kva som kan skje.

Jo viktigare blir det å arbeide for ein god og sunn utvikling av samfunnet gjennom ulike prosjekter i samarbeid med lokale myndigheiter  og utruste kyrkja til å formidle ein Gud som elskar verda og aller mest oss menneske.

Livet i kyrkja

No går livet sin vante gong i kyrkjelydane. Det er regntid. No regnar det godt, men det trengst ei ekstra lang regntid for at det skal bli gode avlingar. Alle skule elevar og studentar har ferie fram til byrjinga av oktober. Det gjer at livet i kyrkjelydane er litt i feriemodus som vi har det her i Norge på sommaren. Samstundes er det mange gode gjensyn for ungdomane som har vore og studert og no er på ferie. Samstundes er det den mest travle tida på åkeren. Ugras må fjernast, husdyr må haldast vekke og fuglar må jagast bort så dei ikkje et opp avlingane. Den første maisen nærmar seg moden. Då må ein også vakte åkeren for barn som går på mais-slang. Det er fantastisk å ete fersk grilla mais og drikke te. Då er livet godt å leve.

Det er også tid for ulike lokale fotballturneringar. Kvar bydel/kvarter har ofte sine lag. Ein cup blir organisert og vinnarlaget vinn ofte ein ball eller to og ein kasse med brus. Det kan bli intense kampar, så det er ikkje alle kampar som sluttar på ordinært vis. Engasjementet kan bli vel stort som gjer at dommaren må gripe inn og avbryte kampen!

Eit tilfelle av polio er oppdaga i Mali. Eit barn på 19 månadar kom frå Guinea for å søkje helsehjelp. Polio vart konstatert. Barnet er paralysert.  No jobbar helsemyndigheitene for å stoppe utbreiing av sjukdommen straks. Ein vaksine kampanje er sett i gong. Be gjerne om at vaksinekampanjen blir vellukka.

Takk for di støtte og di forbøn for Mali og arbeidet vårt der!