Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Vikarleiar på Holmely

Hilde Balsnes Lande
Foto: Ingebjørg Isane Fure

Hilde har mann og tre barn, og er utdanna barnevernspedagog. Hilde har siste åra vore heimearbeidande med små ungar. Tidlegare har ho jobba mykje med vaksne psykisk utviklingshemma, og born med spesielle behov, samt ein del administrativt arbeid.

God ballast frå IMI-kirken
I tolv år gjekk Hilde i IMI-kirken i Stavanger:
    - I IMI lærte eg mange sanningar om Gud, om andre menneske, om meg sjølv, om å bygge Guds rike, ting som eg håpar at eg skal få lov til å bære med meg livet ut. Eg stifta bekjentskap med sjelesorgsarbeid, via arbeidet som veiledningssenteret til IMI drive. Der lærte eg eg kor utruleg viktig sjelesorgsarbeid er. Utan sjelesorg, haltar det kristne arbeidet vårt, er min påstand.

Gler seg til å begynne
I 2014 var Hilde ein av fleire gode søkjarar til denne stillinga. Ho vart då innstilt som nummer to. No sa ho ja til å vere vikar då ho fekk spørsmål om det.
Under sommarfesten på Holmely i juni, vart Hilde presentert. Ho uttrykte begeistring over Holmely:
   - Eg må få seie – eg er så utruleg glad og takksam for å at eg skal få lov til å bli ein del av denne gjengen her! Eg er spent på arbeidsoppgåver og utfordringar som ventar, trur læringskurva skal bli rimelig bratt, men eg er heilt og aldeles begeistra for å vere med på dette arbeidet som Holmely har drive no i fleire ti-år. Eg gler meg verkeleg!!

Stor takk til Eva for innsatsen så langt, og velkomen til Hilde!