Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Eldsjela Gunn

Gunn Edel Steinhovden
Foto: privat

Saman med resten av styret og frivillige har Gunn stått for flotte utbetringar og fornyingar på Teigen.

- Kvifor brenn du for Teigen?
   - Då eg gjekk på realskulen i Honningsvåg, dreiv Rolf og Grete Ruud ungdomslag på bedehuset og hadde ein open heim. Eg tenkjer på den tida med glede. Eg kom ikkje frå ein kristen heim, men eg valde å ta imot Jesus då. Då eg seinare kom til Steinhovden, reiste barna mine på leir på Teigen. Eg såg gleda deira av det. Også den tida jobba eg mykje på der, men no har eg eit meir synleg verv.
   - Eg gjer ikkje alt på Teigen, men eg syter for at andre får utføre nødvendig arbeid.
   - Det er så viktig at barn og unge får kome på leir og høyre om Jesus, og kome saman frå bygdene og møte andre kristne.

Gunn fortel vidare at Teigen har så mange moglegheiter for ulike arrangement, i tillegg til primæroppgåva: å vere ein kristen leirstad for alle. Ein leirstad der Guds ord blir forkynt til frelse og fornying.

Stor takk til Gunn og alle andre som brenn for Teigen!