Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Inspirasjonssamlingar for kvinner på Haugalandet

Ivrig salg av varer frå Kambodsja
Foto:

 
Elisabeth Thorsen (pastor i Skåredalen misjonskyrkje) tok oss med inn i temaet: "Tilgivelse - krav eller mulighet". Med utgangspunkt i forteljinga om Jakob og Esau fekk ho løfta fram korleis falske knep, urett og forskjellsbehandling kan øydeleggja menneskeleg fellesskap både i familien og elles. Vegen til forsoning og frigjering er mogleg gjennom å ta følelsane som uretten har skapt på alvor, opna seg for ein prosess der Gud får arbeida med tankar og hjarte og gi slepp på retten til bitterhet og hevn. Dette er ingen lettvint vei, men den forløyser LIV i møte med seg sjølv, andre menneske og Gud.
Det er flott å inspirera kvarandre til livgjevande prosessar midt i ein krevande kvardag!
Me fekk også friske glimt frå Kambodsja der Normisjon medvirkar til å reisa menneske opp til verdig liv, og der mange får møta Jesus. Gro Torunn og Annbjørg Utvik fortalde om deira møte med dette spennande arbeidet. Dei selde også varer til støtte for kvinner i Kambodsja.
Det å treffast på tvers av dei lokale samanhengane har stor verdi. Fellesskapet rundt matbordet og gjennom fellessangen er ein viktig bit av dette. 
Det gir mot å sjå at me er mange søstre som står saman i trua og i eit viktig oppdrag: å gi evangeliet til nye generasjonar og folkeslag!