Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Prosjekt villmark

Prosjekt villmark gir kompetanse til unge turleiarar.
Foto: Elisabeth Dahl Olafsen

. Er du under 25, klar for å ta nye steg på kompetansestigen din og gira på praksis ved Nordfjord folkehøg-skule? Då kan du søke støtte frå fondet. PV var tidlegare ein tverrkyrkjeleg organisasjon som arrangerte villmarksturar og kurs frå starten av åttitalet til midten av nittitalet. PV ønskte gjennom villmarks- og fellesskapserfaringar å verke til personleg utvikling, tru og vekst for deltakarane og gruppene som deltok, synleggjere mennesket sin plass i skaparverket og minne om behovet for ei ansvarleg forvalting. På åtti- og nittitalet genererte drifta eit brukbart overskot. Nordfjord folkehøgskule tok over drifta på starten av 2000-talet. Aktiviteten har no gått ned, og i 2014 vart Prosjekt villmark gjort om til eit kompetansefond for unge turleiarar. Nordfjord folkehøgskule nyttar høvet til å takke dei mange som var med på å legge grunnlaget for dette fondet gjennom stor innsats frå midten av 1980-talet og dei påfølgjande tiåra.