Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Tenleir

Mariann Urdal Henanger

Fredag 23. oktober reiste 18 deltakarar og 4 leiarar til Lønningstrand Leirstad. Dei var pakka og klare for ei flott helg med forskjellige aktivitetar, leikar og det viktigaste av alt; at dei skulle få høyre om Jesus. Tema for leiren var «Disipler; Hvem, hva hvordan?».

Då alle deltakarane hadde funne romma sine og pakka ut, samla dei seg og hadde nokre bli-kjent leikar. Det var god stemning blant 8.-10. klassingane. Etterpå var det kveldssamling der Mariann U. Henanger hadde ein andakt om at disiplane til Jesus, ikkje var så perfekte som ein kanskje kan tenkje av og til. Mens tenåringane var på kveldssamlinga, hadde nokre av leiarane laga til ei flott bønevandring. På bønevandringa kunne ein bl.a. sitje stille og lese i Bibelen, bli velsigna og tenne eit lys for nokon ein tenkjer på. Så vart det natt, og alle saman sov godt i sengene sine, til tross for alle flya som bråka.

Neste dag, på laurdagen, var det «bokhandel», der ein kunne kjøpe forskjellige acta-ting. Etterpå var det klart for den fyrste bibeltimen. Hilde Joy Vestøl hadde ein flott bibeltime, der ho snakka om kva det vil seie å vere ein etterfølgjar av Jesus. Ho lærde tenåringane ein fin metode for korleis ein kan lese i Bibelen og tenkje over kva ein les. Metoden heitte SOAP, og står for S - Scripture: Kva for eit bibelvers la du mest merke til? O – Observation: Kva la du merke til/tenkte når du las dette verset? A – Application: Kva kan du bruke verset til i kvardagen din? P – Prayer: Skriv ei kort bøn til Gud.

Etter at alle hadde ete lunsj i lavvoen, var det klart for sporløp i hinderløypa. Under sporløpet måtte alle laga samle på nokre «egg». Det var ikkje ekte egg, det var teiknestiftar som var blitt plassert både høgt og lågt i løypa. Deltakarane fekk ikkje vite på førehand kva «egga» var, og måtte finne det ut undervegs som dei gjekk rundt på dei forskjellige postane. Dei fekk poeng for kvart «egg».

Litt ut på kvelden var det misjonstime med basar, til inntekt for Kompis sitt misjonsprosjekt i India og Bangladesh. Så var det underhaldning, noko mange hadde gleda seg til. Det var mange artige og morosame innslag. Stemninga var til å ta og føle på. Då underhaldninga var ferdig, var det delekveld. Det vart delt fine historier og bibelvers. Nok ein gong vart det natt, og alle måtte lade opp til den siste dagen på leir.

Etter frukosten på søndagen, var den siste bibeltimen. Då fortalde Hilde om korleis ein kan vekse som Jesu disippel, kva kristne gjer når dei møtes og om «opp, inn, ut»-trekanten. På slutten av samlinga vart tenåringane delt i små grupper, der dei snakka om forskjellig ting dei synes er vanskelege, for eksempel å bruke nok tid med Gud, å fortelje venene sine om Gud og presset på å alltid vere best på skulen/i aktivitetar.

Leiren vart avslutta med felles middag, og så var det heim igjen. Kort oppsummert var leiren ein suksess. Både deltakarane og leiarane kosa seg og hadde det kjekt i lag! Det var og kjekt å sjå at mange av deltakarane frå i fjor, kom på leiren i år. Sjåast til neste leir!

 

Skrive av Ingeborg Henanger (deltakar og actastyre medlem)