Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Store smil på Nautnes

Trekning på årene er alltid spennende
Foto: Thomas Hammer

På bedehuset på Nautnes, eit vakkert fiskevær nord i Øygarden, var ein heil flokk samla til basar laurdag 17. oktober. Oppslutninga var stor, med 23 vaksne og 16 born, yngstemann berre nokre månader gamal, eldstemann nærare 90. I bornelotteriet fekk alle gevinst, før dei eldste borna smilande delte ut til dei heldige i åresalet. Lokalmiljøet hadde òg investert godt i loddboka på førehand, for her kunne ein sikre seg litt av ein fangst, frå hekla dukar og heimestrikka genserar til håndlaga lampar og nyrøykt fisk i gråpapir. Alle gjekk nøgd heim den kvelden, men størst smilte han som no hadde sundagsmiddagen under armen.