Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Kjøp lodd i Regionslotteriet 2015!

Vegard Tennebø gler seg til å dele ut flott gevinstar.
Foto:

Det årlege regionslotteriet er ei viktig inntektskjelde for region Sogn og Fjordane. Mange frivillige har hjelpt oss å selje lodd rundt omkring i bygd og by. Det er vi svært takksame for. Framleis har vi nokre uselde lodd igjen. 

Pris per lodd: Kr 20,- (200,- for ei heil loddbok med 10 lodd)

Alternativ for å kjøpe lodd:
- Ta ein tur innom regionkontoret på Sandane (Nordstrandsvegen 12)
- Møt opp på julemessa i Olden 28. november
- Fjordly og Holmely på Bryggja har framleis uselde lodd liggande, så stikk gjerne innom der og kjøp lodd. 
- Kontakt regionkontoret. Gje beskjed om kor mange lodd du vil ha, så skriv vi namnet ditt på lodd og gir deg loddnummera. Overfør pengar til regionen sitt kontonummer: 3000.14.71186 

Trekning: 11. desember på Sandane. Vinnarane blir kontakta. Trekningslista kjem på nettsida og i avisa Nytt frå Normisjon. 


Total gåveverdi: 37.487