Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Julemesse på Sand

Handlaga julekrybber frå Kenya.
Foto:

Mange flittige hender rundt omkring i bygdene hadde vore i arbeid i i førevegen. Julebakst, handarbeid, grøne dekorasjonar og mykje anna blei omsett i midlar til misjon og hjelpearbeid  i vårt eige land og på andre kontinent. Saman med eit stort lotteri gav dette eit samla resultat på ca 170 000 kr.
Dagen blei avslutta med ei flott stund der Anne Berit Solvang tok oss med inn i forteljinga om Maria si vandring frå Nasaret til Betlehem. Me fekk eit glimt inn i den store samanhengen: at Gud  kom til oss.
"Julenatt med fryd og glede,
minner oss om Gud som kom.
Evig er Han her til stede,
nå står grav og krybbe tom."