Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Sunnfjord folkehøgskule satsar på musikalar

Foto: Signe Henriksen

Alle elevane var delaktige i produksjonen på ein eller anna måte. Alt frå kostyme, sminke, scenografi, dans, song, band, kor, cheerleading, PR/foto, lys og lyd, teater/roller var det elevane som hadde ansvaret for, samen med ein lærer på kvar gruppe. Over 2-3 veker sto elevar og lærerar på både dag, kveld og natt for at alt skulle være klart for premiere på torsdag 29. oktober. På premièren hadde vi invitert Nordfjord Folkehøgskule, Førde Asylmottak og den lokale danseskulen i Førde. Det blei ein fantastisk kveld der elevane endeleg slapp seg laus og førestillinga gjekk fint heile kvelden. Det blei 400 som kom på premièren, noko som vi er godt fornøgd med. På fredag var det open førestilling og nok ein suksessfull kveld i Førdehuset med gode tilbakemeldingar frå folk i Førde, og foreldre som var komne for å sjå på.

Ein stor produksjon
Tilbakemeldingane vi fekk frå publikum var veldig bra. Vi har teke mange steg oppover sida vi starta satsinga med musikal. I år var musikalen delt opp i 2 akter, kvar akt varte 50 minutt. Så dette var med andre ord ingen liten produksjon. I hovudrollene som Troy og Gabriella, var det Georg Lipai og Anne Noddeland som briljerte. Mr Darbus, den engasjerte og bestemte dramalæraren, blei spelt av Erik Linde. Han fekk veldig gode tilbakemeldingar for korleis han tolka rollen som Mr Darbus.

Alle elevane var med
Det å sette opp ein musikal der alle elevane på skulen er med og produserer noko, er utan tvil veldig positivt for miljøet på skulen. Elevane møtest på kryss og tvers av linjene, dei kjem i kontakt med folk som dei aldri trudde dei skulle bli kjent med. Mange får ei aha-oppleving av det å plutseleg stå på scena. Nokre har aldri stått på ei scene før, berre dette er eit stort steg. Andre syng sin første solo, dansar eller har ei rolle for første gang. Eit slikt prosjekt i løpet av eit år på Sunnfjord folkehøgskule er med på å løfte elevane vidare og gir dei ny og nyttig erfaring vidare i livet.

Ansvarlege
Anders Alvaro Nydal hadde regi og koreografi på førestillinga. Erlend Os var musikalsk ansvarlig, Jan Tjønneland var ansvarlig for scenografi. Alle med solid erfaring innanfor sitt fagområdet. Alle andre lærerar ved Sunnfjord folkehøgskule må også trekkast fram for all den fantastiske jobben som dei har gjort for å få musikalen på scena i år også. Vi håper på fleire magiske augeblikk i Førdehuset for elever ved Sunnfjord folkehøgskule dei kommande åra.