Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Folk, fokus og fellesskap

Foto: Vegard Tennebø

Desse spørsmåla er like plagsame som dei er stimulerande. Vi må med jamne mellomrom våge å stille grunnleggande spørsmål med det vi driv på med og ikkje minst om måten vi driv på, er den beste akkurat no.

Kvar er vi?
Normisjon og Acta i region Sogn og Fjordane er inne i ei spennande tid med endringar både i staben og i fokuset. Endring er noko dei fleste ikkje likar så godt. Det ligg ein tryggleik i å halde ting der det er. Då veit vi kva vi kan forvente og kva som er forventa av oss. Men Gud har sendt oss ut i verda for å gjere alle folkeslag til disiplar. Vi er kalla til å vere ei rørsle – i bevegelse! Endring er og blir ein del av det å vere kristen, ein del av kallet til misjon og ein del av eit kvart fellesskap. Skal vi vere gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde (1. Pet. 4) er det ikkje konservering, men investering i teneste for nesten som må stå på menyen.

I starten av september var vi på medarbeidarsamling i lag med staben i Normisjon Møre og Hordaland. Det vart spennande dagar der vi snakka om kvar vi er og kvar vi skal som Normisjon. Vi i Sogn og Fjordane enda opp med tre hovudstikkord som vi ynskjer å ta med oss vidare. Det handlar om folk, fokus, og fellesskap.

Folk
Jesus var veldig oppteken av folk! Vi er ein del av Guds folk. Paulus sa i sitt brev til Titus (2,14): «For Kristus gav seg sjølv for oss. Han ville løysa oss ut frå all urettferd og reinsa oss, så vi kan vera hans eige folk, som med iver gjer gode gjerningar.»
Folk er så viktige i Guds auge at han gav Jesus for alle folk – så vi kunne verta hans folk. Folk er både målet og middelet i misjon. Acta og Normisjon må få handle om folk! Om å byggje menneske til å verte Jesu etterfølgjar, hans disiplar som med iver viser fram Jesus gjennom liv og gjerningar. Vi snakkar ofte om verksemd, arrangement og hus i Nor-misjon. Kanskje vi skulle snakke meir om relasjonar og om å vinne menneske, og kva arenaer vi kan skape som sikrar møtepunkt mellom Gud og folk?

Fokus
Har du merka når du køyrer bil, at dersom du ser mot venstre, så byrjar du å svinge mot venstre? Dit vi ser og det vi ser er av-gjerande på retninga vår. Fokuset vårt er ei magnetisk kraft som trekkjer oss og merksemda vår mot det vi skarpstiller på. Vi vil ha desse to tinga som fokusområda våre: Jesusfokus og disippelgjeringsfokus. Grunnen til at Normisjon og Acta er til, er på grunn av Jesus. Han er det naturlege midtpunktet i alt vi er og gjer. Og skal det handle om folk, må det handle om at vi lokalt kan vere ein god, attraktiv og vital plass for folk å orientere liva sine ut ifrå Jesus i. Kan vi saman skape slike miljø der det å få ta nye steg, i tru og som menneske vert framelska?

Vi ynskjer ikkje å berre vere ein organisasjon, eit hus eller berre eit namn. Vi ynskjer å vere prega av folk som vil vere disiplar, som ivrar for å fremje Jesus. Folk som gjennom bøn, fellesskap, gjevarglede og rett fokus, saman er med og byggjer Guds rike. Kva ville eit slikt fokus gjort med verksemda vår? Dette kan vere verdt å ta opp på neste styremøte.

Fellesskap
Normisjon Sogn og Fjordane satsar på å plante nye fellesskap og arbeider for å legge til rette for utvikling blant dei fellesskapa som ønskjer det. Som Vegard Tennebø har nemnt i eit tidlegare intervju: «Fellesskapet er heilt avgjerande for eit sunt og godt disippelliv. Kristen tru var aldri meint å vere eit soloprosjekt, men meir som eit familieliv, der vi saman får sjå meir av han som har all makt i himmel og på jord og som går med oss alle dagar, slik at vi finn styrkje til å leve som hans sendebod i bygdene.»

Vi treng å utvikle sterkt eigarskap til eit lokalt «vi», ei sterk tilhøyrsle i det store «vi» i regionen og vi treng å søkje saman i samarbeid og gjensidig oppmuntring og utrusting på tvers. Saman ER vi Normisjon! Ein ting er sikkert: Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag kan og vil ikkje skje åleine. Det vil alltid skje i og med grense-sprengande fellesskap der vi møter, følgjer og ærar Jesus Kristus.

Folk. Fokus. Fellesskap.
Dette gjev oss ei retning for åra som kjem. Vi håpar det gjer det for deg også. Kom og bli med å byggje Normisjon!