Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Naturfoto på lerret og kort til sals

Dette stemningsfulle lerretet kan bli ditt for 700,- Storleik: 70 x 50 cm.
Foto:

Naturfoto på lerret
2 stykk lerret som på bildet over i storleiken 70 x 50 cm. Pris: 700,- Motiv frå sørsida av Stadt i retning Vågsøy. Foto: Ingebjørg Isane Fure. (Redigert i Fotoshop ved Hanne Liv Gyllander, grafisk designer ved Hovedkontoret til Normisjon.)
1 stykk lerret som på bildet under i storleiken 50 x 30 cm. Pris: 500,- Motiv: Stadthavet i solnedgang. Foto: Ingebjørg Isane Fure
All inntekt går til Normisjon Sogn og Fjordane. 
Det kan vere mogleg å få lerreta levert før jul i omegn av Sandane, Nordfjordeid, Bryggja, Stadt. Kanskje fleire stadar også, men må i så fall avtalast innan fredag 18. desember. 

(Fleire produkt følgjer under bildet.)
Stadthavet i solnedgang.


Symbolsk gåvekort

Gi eit gåvekort som bidreg til at nokon får det betre! Vi har gåvekort liggande med flotte motiv frå ulike misjonsland. Ein bestemmer summen sjølv. Korta kan ein sjå her: gaver.normisjon.no (også fine produkt på den nettsida).

Andre kort
Batikk-kort som er handlaga i Nepal. 25,- per stykk. 100,- for 4 kort.
Kort laga av Olaug Aa. På eine sida inni er det ulike dikt av Rita Aasen. 25,- per stykk. 100,- for 4 kort.
(Sjå foto under.)

Kontaktinfo:
Regionkontoret ligg i Nordstrandsvegen 12 på Sandane. Kontoret er ope denne veka og måndag-tysdag i juleveka. Stengt i romjula. 
Tlf: 57 86 63 49. E-post: sof@normisjon.no 

Velkomen til ein triveleg handel! 

Batikk-kort frå Nepal over. Olaug Aa-kort under.