Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Takk til Gud

Foto: Privat

Nokre dagar kan vi kjenne oss takksame. Vi innser kor godt vi har det, og at vi har det vi treng. Ofte er det lett å takke og prise Gud når vi opplever noko konkret i liva våre, og takken blir ein spontan respons på det Gud gjer. Eit døme på dette er israelsfolket sin respons etter at Herren redda dei frå egyptarane (2. Mos. 14 og 15). For min eigen del er det særleg dei gongane eg opplever konkrete bønnesvar at eg kjenner takksemd. Som då eg plutseleg fann igjen nøklane mine til leilegheita mi i Oslo i ein park etter fleire dagar. På dette tidspunktet hadde eg gitt opp å finne dei, og frykta at det måtte skiftast låsar i heile blokka. Men eg kan også kjenne meg takksam når eg oppdagar skjønnheita i skaparverket på nytt ein stjerneklar vinterkveld.

 Det er likevel ikkje alltid det konkrete resulterer i takk heller. Det viser historia i Luk. 17 oss, der Jesus helbredar ti spedalske, men berre ein kjem tilbake for å takke. Eg skjønar ganske kjapt at alle desse har noko å takke for – også dei som ikkje kom tilbake. Ein kan lure på kvifor det berre var ein som kom for å takke – om dei andre var for opptekne med å vise andre kor glade dei var, eller om det var andre grunnar, men eg trur eg kan kjenne meg igjen. Det har nok skjedd meir enn ein gong at eg har blitt velsigna med noko eller fått eit bønesvar, og så gått vidare som om ingenting hende.

Det er ikkje alltid vi føler at vi har noko å takke for. Vonde ting, urettferd og motløyse kan kaste mørke skuggar og stenge for det gode og lyse. Å vandre saman med Jesus er ikkje berre fine dagar og idyll, det tippar eg mange av dykk har erfart. Likevel skriv Paulus at vi alltid skal takke Gud for alle ting (Ef. 5,20).

 Bibelen fortel oss sanningar, og den fortel oss at vi har ting å takke Gud for, også dei dagane vi ikkje føler det slik: Vi kan lese om skaparverket, om nåden og frelsa, om håpet om det evige livet, at Gud er trufast og at Han aldri vil forlate oss (Jes. 43, 1-3a). Slik eg ser det, er det ein klar samanheng mellom å fylle seg med sanningane i Bibelen, og takksemd til Gud. Desse sanningane må vi fylle oss med igjen og igjen: «Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar. Syng for Gud med takk i hjartet» (Kol. 3,16).