Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Design-gapahuk

Dei nye design-gapahukane på Vereide.
Foto: Per Momrak

I fjor haust brann den store gapahuken vår ned til grunnen. Eit flott bygg og hundrevis av dugnadstimar gjekk opp i flammar og røyk. Etter brannen fekk vi eit godt tips om hjelp, og kom via ein tidlegare folkehøgskuleelev i kontakt med arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim. Det viste seg at studentane deira trengde konkrete prosjekt, og resultatet er at studentane har teikna og bygd tre nye gapahukar til oss. Det var ei gruppe masterstudentar med bakgrunn frå mange ulike land som gjennomførte prosjektet i løpet av ei dryg veke. For mange av dei var dette eit lite kultursjokk. Dei var slett ikkje vande med «allemannsretten» eller at det gjekk an å sove ute i det fri.

Gapahukane er alt anna enn tradisjonelle, dei er bygde i to etasjar og har uventa utforming. Vi gleder oss veldig til å få bruke dei i mange, mange år framover.
Kor heldige vi er? Veldig heldige.

Les også om saka på nettsida til skulen.