Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ledig stilling, region Sogn og Fjordane: Administrasjonsleiar

Foto:

Normisjon region Sogn og Fjordane er ein aktiv region med mange foreiningar, lag og eit breitt friviljug engasjement under visjonen ”Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag”. Regionen har siste året auka leiroppslutning med over 25% og har planta og starta mange nye fellesskap. Innovasjon og utvikling er viktige stikkord for oss om dagen. Vi har to stillingar knytt til barne- og ungdomsarbeidet (Acta), ein regionmedarbeidar og ein fellesskapsutviklar. Regionen er eigar av fleire einingar, m.a. eit hotell, retreatsenter, barnehage og 2 leirstadar.

 

Administrasjonsleiar
i inntil 50% fast stilling

 

Hovudansvarsområde

  • Den administrative drifta av regionen, derunder:
  • Økonomi og løn
  • IKT og kontor
  • Forsikring og andre rammevilkår
  • Kontakt med regionen sine driftseiningar
  • Inntektsbringane arbeid

 

Du har…

  • Relevant utdanning og/eller anna relevant fagleg erfaring
  • Gode leiareigenskapar
  • Evne til å byggje tenelege system
  • Gode evner til samarbeid
  • Aktiv tilslutning til Normisjons visjon og verdigrunnlag
  • Fleksibilitet og er løysingsorientert

 

Vi tilbyd:

  • Spennande stilling i ein vital stab
  • Kvardag prega av meining, utvikling og positivitet
  • Å vere med å byggje og utvikle noko nytt og flott
  • Løn og vilkår etter avtale i tråd med Normisjon sine lønsregulativ

 

Søknadsfrist 15. januar 2016

 

Send søknad, med CV til fungerande regionleiar
anten på epost: vegard.tennebo@normisjon.no
eller til Normisjon Sogn og Fjordane, pb 162, 6823 Sandane

 

Spørsmål til stillinga kan rettast til fungerande regionleiar:

Tlf.: 57 86 63 49.