Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Julehelsing frå Holmely!

Foto: IIF

Vi har lært å ta vare på hjartet, vi har vandra med kvilepuls på retreat, vi har fordjupa oss i å ta vare på sjølv, samtidig som vi tek vare på kvarandre. Vi har dykka djupt i Bibelen sine fantastiske skattar gjennom ei lang bibelhelg. Praktiske utfordringar dukkar opp, og blir løyste, fordi gode folk gjer ein stor innsats for å hjelpe oss å med å ta vare på hus og utstyr. På styremøter samlast leiarar som gjennom år har stått trufast i tenesta, for å bygge Guds rike gjennom arbeidet på Holmely. På kontoen drypp det jamt og trutt inn pengane vi treng for å halde i gang arbeidet vårt. I grupper rundt i bygdene møtest flotte og engasjerte damer som har hjarte for alt som skjer Holmely. Og over, under og framfor og bak, ligg velsigninga og hjelpa i bønnene frå alle som ber. I løpet av hausten har ein dagleg leiar tatt ei permisjons-pause, og ein annan har tatt over for ei stund. Men utan den armeen av menneske vi har med oss og rundt oss i arbeidet på Holmely, kunne vi som jobbar på Holmely berre pakka saman.

Stor takk til alle som står med oss og bidrar til at Holmely finst  – ein jordnær plass med open himmel, for medvandring, bønn, påfyll og fred.

Vil ynskje kvar og ein ei velsigna julehøgtid, og Guds hand over dagane vidare i 2016!

Velkomne til Holmely!

Vårprogrammet for Holmely kjem snart på nett. 

Ønskjer du å gje ei gåve til Holmely, kan du bruke kontonummer 3000.14.72204.