Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Har lærlingprakis i region Sogn og Fjordane

Even Mathias Skogli
Foto: Ingebjørg Isane Fure

Even Mathias Skogli held på med lærlingtida innan resepsjonsfaget. Til vanleg har han praksisen på Innvik Fjordhotell, men sidan der er vinterstengt no, held han fram med praksisen på regionkontoret til Normisjon Sogn og Fjordane i denne perioden. Det er Nav som lønnar under lærlingpraksis. Arbeidsoppgåvene til Even er diverse kontoroppgåver. Ringer du til Normisjon Sogn og Fjordane desse månadane, er det god sjanse for at du blir møtt av stemma til den trivelege lærlingen.

   - Korleis synest du det er å jobbe på regionkontoret?
   - Eg synest det er ein kjekk stad å arbeide. Eit stort pluss er jo at eg kjenner alle som jobbar her til vanleg, så eg slepp å bruke tid på å bli kjent med dei tilsette. Så var det så greitt at eg kunne jobbe her medan hotellet i Innvik er stengt. Samt at det er ein arbeidsstad med Jesus i spissen.

Even er frå Loen og er 24 år. Han har vore mange gongar på leir på Fjordly - noko han anbefaler!