Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

«Kom heim barna mine!»

Foto:

For nokre år sidan høyrde eg om to kristne pakistanske jenter som vart kidnappa av muslimar og tvangsomvende til islam. (Dette er ikkje ei andakt mot muslimar…) I første del av rettsaka om kven som skulle få behalde jentene fekk foreldra møte dei igjen. Men særleg den eldste jenta var klart avvisande mot foreldra fordi jentene hadde fått sterke truslar mot seg og dei var blitt fortalt løgner om at foreldra hata dei. Dette knuste hjerta til foreldra, men dei ville likevel gjere alt for å få jentene tilbake. (Kjelde: Steffanusalliansen.)

Guds fiende gjer alt han kan for å prøve å knuse Guds hjerte. Strategien er å skilje det kjæraste Gud har; menneska, frå Guds hjerte ved løgner om at vi ikkje er elskverdige for Gud, at Gud ikkje vil oss det beste og ved å freiste oss til synd – det som fører oss vekk frå Gud. Men Gud gir ikkje opp! Han har gjeve oss ei sann og levande bok for at vi skal finne vegen heim. Ein raud tråd i Guds ord er «Far søkjer barna sine». Dette når eit klimaks når Gud Fader gav Son sin for å opne vegen heim for oss. Gud ville nok ikkje ha gjeve livet sitt for ein makk; det måtte vere nokon som han elska like høgt som seg sjølv. Det er sagt at Gud har eit tomrom i hjertet sitt for kvart menneske som ikkje har funne vegen heim. Ikkje så rart når vi er skapt i hans bilete…

Truleg har vi «heimeverande» også ein veg å gå for å komme heim til Guds hjerte. Ytre sett var alt bra med den heimeverande sonen (Luk. 15), men hjertet hans var ikkje heime. Han skjønte ikkje kven han sjølv var; at han var høgt elska, og kven faren var; ein kjærleg far som ønskte å vere god mot han.

Lat oss hjelpe kvarandre å finne vegen heim og lat oss vere bodbærarar ut til alle folkeslag om at det enkelte mennesket har ein Far som står med opne armar og seier: «Kom heim barnet mitt!»