Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Hurra for Tusenfryd barnehage!

Emigrantane klare for den store reisa til Himalaya.
Foto: Per Ingolv Nygård

Bamsar og andre kosedyr vert sende til Okhaldhunga sjukehus ved foten av Himalaya i Nepal. Fattige born som aldri har vore eigarar av den slags luksus, får ein trufast følgjesvein til odel og eige. Harde og tyngre leiketøy vert leverte til Krisesenteret i Florø, noko dei set pris på.

Helsing til mottakarane
Som avskjed festar mange av barnehageborna julekort og lappar til gåvene der dei skriv små helsingar til dei ukjende mottakarane. Veldig flott at borna på denne måten tenkjer på andre enn seg sjølve!

Lyttande barn
Nyleg hadde eg gleda av å vera på mitt årlege besøk på ei samlingsstund i barnehagen. Til ein fin flokk med lyttande og engasjerte små tilhøyrarar, viste eg bilete og fortalde frå ein tur til Okhaldhunga i 2006. Årleg utvandrarar om lag 250 bamsar og andre kosedyr frå Førde til dette sjukehuset i Nepal der Normisjon er engasjert.