Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Kva har du i ansiktet?

Foto:

Og betre blir det jo ikkje om nokon stiller spørsmål eller kjem med kommentarar du ikkje kan svare på. Som for eksempel: «Kva er det du har i ansiktet?» Og i alle fall om det blir følgt opp med: «Eg orkar ikkje sjå på deg!».

Eg håpar ikkje du har hatt ei slik oppleving. Men det hadde Moses. I førti døgn var han saman med Gud på Sinai-fjellet og blei undervist av Gud sjølv. Oppsummeringa fekk han med seg ned av fjellet på to steintavler. Det hadde skjedd noko med Moses i den tida han hadde vore saman med Gud. Ansiktet hans hadde begynt å stråle. Og det var så sterkt at Aron og resten av israelittane var redde for å komme bort til han. Moses måtte faktisk dekke til ansiktet sitt når han snakka med folk – for Guds kraft som stråla gjennom Moses var for sterk til at dei kunne oppleve det. (Sjå 2. Mos 34,27-35)

Det å vere saman med Gud har livsforvandlande effekt – det skjer noko med oss. Moses sjølv visste ikkje at det stråla av ansiktet hans, for han var det heilt naturleg. Slik drøymer eg om at Gud må få påverke meg også. At noko av den krafta han har, må få skinne gjennom meg. At eg kan vere eit lys i verda. Og det må skje utan at eg veit det sjølv, for det er ikkje for mi skuld eg skal vere lys, men for hans. For at fleire skal bli kjent med Jesus, komme til tru på han og slå følgje på himmel-vegen.

Dette bibelverset har eg brukt når eg har vore leirsjef på leir. Som ei bøn for meg og mine medleiarar – at Gud må få virke i og gjennom oss, når me er oss sjølve. Moses gjorde seg ikkje til. Han var seg sjølv. Forskjellen var at han hadde vore mykje saman med, og latt seg prega av, Gud. Vil du la Gud prege deg? Då må du bruke tid saman med han. I bibel, bøn og i fellesskapet av kristne. Velkommen!