Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Lagar «buldrerom» på Teigen

Eldsjelene gler seg til det nye rommet kan takast i bruk.
Foto: Morgan Rune Aarseth

Prosjektet går ut på å gjere om fire mindre rom til eitt stort; eit «Buldrerom» på rundt 40 kvadrat. Planen er at dette rommet skal vere eit leike- og aktivitetsrom, men eit stort rom som dette vil nok i tillegg kunne nyttast til andre føremål. Førebels har ein rive veggar, retta opp og isolert rommet og sett i nye glas. Tanken er å nytte robust materiale som tåler ein støyt, og setje opp noko føre vindauga som gjer at dei ikkje knuser ved til dømes ballspel.

Ivrige eldsjeler legg ned stor frivillig innsats for å få gjennomført prosjektet. Primus motor, Magnus Aarseth, seier arbeidet med rommet held fram fort-løpande utover våren. Forrige laurdag hadde dei dugnad, og arbeidet med å få golv og veggar på plass held fram.

Eit aktivitetsrom er eit positivt tilskot til barne- og ungdomsarbeidet på Teigen, og det blir spennande å ta dette i bruk.