Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Leiartreningskurs på Fjordly

Fin gjeng på leiartreningskurs.
Foto:

5.- 7. februar var det leiartreningskurs på Fjordly. 22 ungdomar var på plass, saman med ein handfull leiarar og flinke kjøkkenfolk. Gjennom helga fekk deltakarar og leiarar vere saman om varierte og inspirerande seminar,, mykje leik og moro, godt fellesskap og god mat.

Det blei denne helga gjennomført undervising både på modul 1 og modul 2 i, og undervisinga på dei to modulane føregjekk parallelt. På modul 1 tok ein føre seg temaet «Karakter». Dette handlar om kven vi er, framføre kva vi gjer, og deltakarane fekk mellom anna lære om korleis ein kan byggje og leve i karakter og kvifor kvar og ein av oss er viktige. Dei som tok modul 1 i fjor, og som no gjekk vidare på modul 2, fekk lære meir om «Kompetanse». Her ligg vekta på å auke kompetansen som disippel og bli bevisste på kva vi gjer. Seminara handla mellom anna om å leie seg sjølv, eigne sterke og svake sider, teamarbeid og prosjektleiing.

I tillegg til seminar var det sjølvsagt god tid til anna aktivitet og fritid. Av andre aktivitetar kan vi nemne bøtteballett, underhaldningskveld, quiz og lovsangsstund, i tillegg til mykje iherdig speling i peisestova. Heldige som vi var, fekk vi også mykje god mat! Trivselsfaktoren var gjennomgåande høg – det same var energinivået. Gjennom helga var deltakarane sjølve med og leia ulike ting på programmet - ein fin måte å få prøve seg på ulike leiaroppgåver. 

Neste vinter køyrer vi nytt leiartreningskurs. I tillegg til modul 1 og 2, startar vi då også opp med modul 3 for dei som er komne så langt.
Vi gler oss!!