Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Bli fast gjevar!

Foto:

Normisjon er eit spleiselag. Det er ingen økonomi å hente frå stat eller kommune. Det vi er og får til som Normisjon, er takka vere eit «vi» – som gjev. Difor er det godt at også du ønskjer å bli fast gjevar.

Vi satsar på fellesskapsutvikling, og vi har utvida stillingsramma til Acta – no er det to årsverk tilsett! Vi produserer undervisningsopplegg for grupper, har spissa fokus på arbeidet i Sunnfjord, og er godt i gang med eit fantastisk leiartreningskurs. Vi har tru på at Gud vil gje arbeidet vekst!

For å ha ein meir forutsigbar økonomi ønskjer vi at fleire blir faste gjevarar. Her er ei god gulrot for deg som gjevar: Dersom ein teiknar seg som fast gjevar i perioden 1. januar-17. mai 2016 er ein i tillegg med i trekninga av premiar!

Og: Klarer du å verve 10 nye gjevarar eller meir, får du uansett ein Ipad og kan krone deg sjølv med tittelen «vervekonge».

 

VILKÅR I VÅR ARTIGE FASTGJEVAR-KONKURRANSE:

Ein må teikne seg som fastgjevar til eit av desse prosjekta:

  • Normisjon sitt arbeid i Sogn og Fjordane
  • Acta sitt arbeid i Sogn og Fjordane
  • Fellesskapsutvikling i Nordfjord
  • Normisjon sitt arbeid i Sunnfjord

Ein må teikne seg i perioden 1. januar -17. mai 2016 for minimum kr 400 per månad (og vere gjevar i minst eitt år). Eller auke gjevartenesta med minimum 300 per månad.
Ungdom eller student: Minimum kr 200 per månad (minst eitt år).

Går du for vervekonge-tittelen, gjeld same vilkår: minimum kr 400 per månad (og vere gjevar i minst eitt år) pr. gjevar du vervar.  

Vinnarane vert presenterte på normisjon.no/sof og i Nytt frå Normisjon nr 3-2016.

GEVINSTLISTE:

  1. iPad mini 4, 64GB (verdi: kr 4.790)
  2. Leiropphald, tweensleir (verdi: 825)
  3. Gåvekort Libris (verdi: kr 500)
  4. Abonnement Agenda 3:16 (verdi: 549)

 

KORLEIS BLI FASTGJEVAR?

Følg rettleiinga på biletet under, eller kontakt regionkontoret: Tlf. 57 86 63 49. E-post: sof@normisjon.no