Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Satte basarrekordar

Barnelotteriet
Foto: Anita Leganger

Det var ein ganske alminneleg haustdag, men med eit skikkeleg oktober øs-pøs-regnvêr, og med ein ufyseleg blest midt i fjeset. Ville det koma folk på basaren? Inne i salen var borda dekka og pynta, og stod klare til innrykk.

Då klokka gjekk mot fire på ettermiddagen laurdag 24. oktober, ville trengselen ingen ende ta på Solsvik bedehus. Stadig fleire stolar, fat og koppar vart dekka rundt borda. Då dei siste kom var salen heilt full, og dei måtte sitja rundt bordet, som i all hast vart dekka ute i gangen. Det vart både varmt og trongt, men med godt over hundre menneske, vart det ei utruleg god basarstemning.

Regionmedarbeidar Martin Olsen hadde med seg Freddyen, som var ei snakkesalig dokke med eigne meiningar.

Barnekoret «Lyskastaren» frå Vik song for oss med sine mange, fine og unge barnerøster. Barnekoret hadde i tillegg teke med seg «heile» slekta.

Det var også mange  barn frå bygda, og det vart sett ny basarrekord også på det området, med heile førtitre barn mellom null og ti år.

Pengar og gevinstar bytta hender i stor fart, og som alltid var det nokre bord som stakk av med fleire gevinstar enn andre. Berre barnelotteriet var rettferdig: Ein gevinst til kvart barn.

Resultatet ble 23.715 kroner. Om foreiningsdamene var noko sveitte, kunne dei no pusta letta ut, og slå fast at basaren var svært vellukka på alle måtar.