Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

«Besteleir» på Wallemtunet

Kledd opp i klær fra Ecuador
Foto: Aud Else Vesetvik

5.-6. desember møtte vel 40 forventningsfulle besteforeldre og barnebarn til «Besteleir» på Wallemtunet på Kvamskogen. Eit samarbeid vi hadde med Søndagsskulen på tredje året no.  Stor aktivitet heile helga pregar denne leiren, men slik må det vera med 25 barn frå 5-12 år.

Snø og aking ute, leik og hobbyarbeid inne og ikkje minst bibeltime, misjonssamling og gudsteneste.  Flott å sjå korleis besteforeldre gler seg over fellesskap og aktiviteter saman med barnebarna.  

Også i år tok vi turen til eit «misjonsland», og vi fekk høyra og sjå frå Ecuador. I Canjar bur fattige og undertrykte indianarar, men  gjennom støtte frå Normisjon får mange her muligheit til å gå på skule.  I tillegg har skulen ein viktig omsorgsfunksjon i og med at mange vaksne reiser til USA på leit etter ei «betre framtid», og mange born blir att heime hos slekt eller bur åleine. Sylvia Toppe har vore misjonær her, og ho fortalde og hadde med bl.a. kle som dei brukar i dette fjellområdet.  

Gudstenesta søndagen er eit fint fellesprosjekt, der mange er med på førebuing og gjennomføring. Ein viktig post her er bønnevandring, der besteforeldre og barnebarn går saman frå post til post og  samtaler om både takk og utfordringar.  

Mange gav uttrykk for at dette hadde vore ei fin helg, og ville gjerne komme igjen. Fleire på venteliste seier og at dette vil vi fortsetja med.