Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Sommarleirar på Teigen og Fjordly

Foto: Acta Sogn og Fjordane

Tid for leir!

Sommar betyr leir. Og på leir skjer det mykje kjekt! Vi gler oss til festlege aktivitetar og sprell, til god mat, god prat, til zipline, bading, volleyball og fotball. Vi gler oss til å lære meir om Jesus og høyre historier frå Bibelen. Og ikkje minst gler vi oss til kjekke deltakarar og leiarar!

Kanskje har du vore på leir før, eller kanskje dette er heilt nytt for deg? Du er uansett hjertelig velkomen, og vi håpar DU vil kome på leir! 

 

Leirar på Teigen og Fjordly, sommaren 2017:

Teigen

Teigen er leirstaden vår som ligg i Eikefjord i Sunnfjord. Uteområdet er prega av vakker natur og mange moglegheiter. Teigen ligg idyllisk til, heilt i sjøkanten. Her er badeplass og stupetårn, og vi har robåtar, kanoar og rikeleg med redningsvestar. Vi har store plenareal, ei fotballbane, zipline og bålplass. Inne har vi aktivitetsrom med bordtennis og biljard og andre kjekke spel. 

Leir på Teigen kan by på supre opplevingar saman med gode vener og kjekke leiarar. Her blir det spel, leik, sommaraktivitet og Jesusfokus! Håper akkurat du vil vere med! Velkomen til leir på Teigen!

Amigosleir

16.-18. juni / 1.-4. klasse (1.kl. m/følgje) / born: 690,- / vaksne: 850,-

Tweensleir
30. juni – 2. juli / 4.-7. klasse / 690,-

 

 

Fjordly

Fjordly er leirstaden vår på Bryggja/ Totland i Nordfjord. Fjordly ligg på ein holme i tilknyting til fastlandet, og har eit stort uteområde til både vannsport, fotball, volleyball, kubb og andre kjekke aktivitetar. Hovedbygget byr mellom anna på bordtennis, biljard, jakkolo, minicurling, ei koselig peisestove for peiskos og aktivitet, møtesal, matsal, god mat og mykje anna!

Sommarleir på Fjordly er hytteliv, uteliv og inneliv, Jesusliv, rangleliv og mykje mykje meir! Vi gler oss til å treffe akkurat deg! Velkomen på leir på Fjordly!

Minileir
16.-18. juni / 4 år-3. kl., med følgje / Born: 690,- / vaksne: 850,-

Tweensleir 1
23.-26. juni / 4.-7. klasse / 850,-

Tweensleir 2
30. juni - 3.juli / 4.-7. klasse / 850,-

Tenleir
7.-11. juli / 8. kl. – 18 år / 1020,-

Familieleir
28.- 30. juli / Pris: Born 0-4 år: gratis / 4.-11 år: 820,- /
12- 18 år: 980,- / vaksne: 1430,- /

Makspris pr. familie: 4500,-

Familieleir er sjøaktivitetar, bibeltimar for små og store, fotball, volleyball, peiskos, god mat og godt fellesskap. Dette blir kjekt!

NB! Meld dykk på tidleg, det kan fort bli fullt!

 

Praktisk informasjon

Påmelding
Påmelding gjer du helst her

Du kan også sende ein e-post eller ringe oss: acta.sof@normisjon.no / 57 86 63 49
Frist for påmelding 7 dagar før leirstart. Påmelding etter fristen vert 100,- i tillegg på prisen.


Kort hugseliste (meir info på www.acta.as/sof)
1. Gode kle og sko til å vere ute og inne
2. Bibel og skrivesaker
3. Sovepose/sengetøy, laken og putevar, handduk og toalettsaker
4. Pengar til leirbetaling (vi tar også kort), kiosk (max kr 80 pr dag) og kollekt.

Leirklubben
Bli medlem i leirklubben for kr. 50 per år. Fordelen er at du får 50 kroner i rabatt for kvar leir du deltek på i løpet av året! Du kan melde deg inn ved innkvarteringa på leiren.

Actas leirstøtteordning
Acta – barn og unge i Normisjon har ei nasjonal støtteordning som har som mål å gi alle barn og unge mogelegheit til å delta på leir, uavhengig av økonomisk situasjon.

- Enkel søknadsprosess der leirarrangør kan søke på vegne av mottakar
- Dekker deltakaravgift og eventuelle reisekostnader
- Kan dekke tolk, assistent eller foreldre/familiemedlem ved behov
- Ein behøver ikkje oppgi sensitive opplysningar
- Gjeld alle Acta sine store og små arrangement
For meir informasjon, sjå www.acta.as/leirstotte eller kontakt Stine på 92 04 63 49.

Kjekt å vite
Under leirane er det enklast å nå deltakarane ved måltida på telefon.

Fjordly/leirsjef: 92 04 63 49 Teigen/leirsjef: 48 99 23 42.

Leirstart/innkvartering første dag: kl.18.00-18.45 (Familieleir: 12.00-12.45)
Avslutning: avslutningsmøte der heile familien er velkommen, siste dag på leir.

Meir informasjon om leiren får de på e-post ca. ei veke før leiren.
Her finn de tidspunkt for måltid, aktivitetar og avslutningsmøtet.

Velkomne på leir! :)