Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Fjordlybasar med ny rekord

Måløy Soul Children
Foto: Halgeir Lade

Det var svært godt oppmøte, med rundt 130 personar i alle aldrar. På førehand hadde fjordlyvener selt lodd rundt i bygdene i Nordfjord. Dette var hovudinntekta til basaren, som sette ny økonomisk rekord med sal på til saman kr. 104 000. Måløy Soul Children hadde kledd seg i glade fargar og song fire songar. Vi fekk høyre både norske og engelske tekstar og dessutan flinke solistar. Ove Aksnes, tidlegare styrar på Fjordly, hadde andakt og fortalte om David og Goliat. Det var interessant å sjå slynga han hadde med seg og demonstrasjonen av korleis den skal brukast.

 Medlemene i fjordlystyret stod for gjennomføringa av basaren. Dei hadde gode hjelparar med seg til både loddsal, åresal og gevinstutdeling. Rundstykke og kaker blei servert rundt på alle borda, og fekk fort bein å gå på. Gevinstborda bugna over av gevinstar i alle slags kategoriar. 

Det var ein kjekk og innhaldsrik basar. Tusen takk til alle som har selt lodd, gitt gevinstar og bidratt på basardagen! Tusen takk til alle som kom og alle som kjøpte lodd og årar!

Vinnarlista: