Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Kom på regionårsmøtet!

Lyngmo
Foto: Lyngmo

I fjor starta årsmøtet med ei gudstenestleg opning. Det vart ei glad start på dagen, og blir gjenteke i år. Elles blir det årsmøtesaker, god mat og forkynning.

I år er det administrasjonsleiar i Normisjon sentralt, Trond Pladsen, som skal vere talar. Vi vonar at så mange som mogleg vil ta turen til Hafslo denne helga. Lyngmo har gode moglegheiter for overnatting, og søndagen blir det frukost og gudstenester rundt omkring før heimreise.

Program:
10.00: Registrering, forhandlingar
11.00: Gudstenestleg opning
13.30: Middag
15.00:  Årsmøtet held fram
16.00: Forfriskningar 
18.00: Kveldsmat
19.00: Festkveld

Last ned: Innkalling og sakspapir Normisjon og Acta Sogn og Fjordane

Årsmøteavgift kr 100,-, vert betalt ved oppmøte.
Gjeld alle vaksne deltakarar (born gratis)

Øvrige prisar:
Alle måltid laurdag: 400,-
4-13 år: 200,-
Barn under 4 år: gratis 

Berre middag inkl. kaffi og kake, vaksen: 180,-
Alle måltid laurdag og overnatting til søndag inkl. frukost: 900,-
(Leige av sengetøy: 100,- i tillegg. Enkeltrom: 300,- i tillegg)

Søndag 17. april
Gudstenester rundt omkring. Meir info kjem.

Påmelding seinast 8. april
til Normisjon Sogn og Fjordane
E-post: sof@normisjon.no
tlf: 57 86 63 49

Gje beskjed: 
- om du har stemmerett
- dersom du har med barn
- dersom du vil ha overnatting
- dersom du har matallergi. 

 Vel møtt til ein inspirerande dag!