Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Populær påskefeiring

Innvik Fjordhotell
Foto: Innvik Fjordhotell

Ulike aktørar deltok med song og musikk av ymse slag. Arrangementet vart leia av Annbjørg Barane.

Påska dag for dag
Påskefeiringa starta med middag onsdags kveld, etterfølgt av møte og sosialt samvær. På dette møtet var temaet om då Jesus reid inn i Jerusalem på eit esel, samt innleiing av sjølve påskehendinga.

Skjærtorsdag var det gudsteneste i Innvik kyrkje. Etter lunsj hadde forsamlinga høve til å ta turen opp til gamle Innvik prestegard for å sjå utstilling av maleri av to lokale kunstnarar. Dagen vart avslutta med kveldsmøte i møtesalen på hotellet, etterfølgt av noko å bite i for ein kvar smak. På dette møtet snakka Lars Sigmund Simonsen om då Jesus hadde med seg læresveinane til Getsemane for å vake saman med han i bøn.

Langfredag tok Lars Sigmund Simonsen for seg timane Jesus hang på korset på Golgata. I frå han vart nagla til korset til korsfestelsen var fullbyrda. Simonsen var innom samtalen mellom Jesus og røvarane, der den eine var hånleg og spottande medan den andre vart frelst på korset og følgde Jesus til paradis.

Første påskedag starta med med flaggheising og «Deg være ære» ute ved flaggstonga. Bodskapen denne dagen handla om oppstoda.

Det var nesten fullt hus store delar av påska, og mange ga uttrykk for at det hadde vore eit innhaldsrikt opphald.

Lars Sigmund Simonsen.