Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Livgjevande påfyll for 95 kvinner

Christiane Weiss-Tornes formidlar om Bønn - som mulighet til å vera saman med.
Foto: Per Hoftun

For mange er dette mest ein årleg tradisjon. Men ein god del var også med for første gong.
Temet dette året var knytta til eit søkjartekn frå dataspråket: # Online # Bønn # Pålogga # I kvardagen #.
Gjennom livsnær og ærleg undervisning ved Christiane Weiss-Tornes fekk mange hjelp til oppdaga den nære samanhengen mellom å vera til stades i eige liv og å leva i ein personleg relasjon til Jesus. Mange fekk hjelp til å gå inn i Bibelen gjennom Jesus-meditasjon. Me fekk også inspirasjon til å be for nye generasjonar gjennom seminar med "Mødre i bønn".
Lattermusklane fekk god trim, smaksansane var flittig i bruk og me fekk lytta til fantastiske piano/trompettonar samstundes som me fekk lovsyngja Gud ilag. Dei gode rammene med kreativ pynting og godt stell gjorde det lett å senka skuldrane og ta imot med alle sansar. Mange fekk leggja av bører gjennom forbøn og sjelesorg. Dei gode samtalane og gleda ved å vera saman gjennomsyra heile helga.