Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ny medarbeidar i region Sogn og Fjordane

Velkomen til Nils Jøssang!
Foto: Vegard Tennebø

Nils er 28 år, frå Frekkhaug i Hordaland. Saman med kona, Irene (frå Hyen), og sonen David på eitt år, har han nyleg flytta til Sogndal.

Han starta i tenesta 7. mars og er godt i gong med dei administrative oppgåvene, til stor lette for fleire andre i staben. Nils har fått ei 40% stilling. Resten av arbeidstida brukar han 40% som pastor i SIM (Sogndal Indremisjon), i tillegg til at han studerer økonomi og leiing.

Vi ser også stort på at Nils kjem dragande inn med noko som mest av alt liknar ei rogalandsdialekt - kjent og trygt for oss som har arbeidd i regionen nokre år.

Nils er ein omgjengeleg kar som er lett å arbeide saman med og som tilfører stabsfellesskapet god oppdrift og positivitet. Han vil ha fast kontordag på onsdagar her på Sandane, og ha heimekontor resten.

Ver med i bøn for Nils, tenesta hans og familien hans.