Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Regionsårsmøte i Normisjon / Acta Sogn og Fjordane

Susan Husabø fekk takk av Svein Ottar Sandal for innsatsen i regionstyret. Sandal vart attvald som styreleiar.
Foto: Jostein Heggestad


God tid vart det til drøfting av arbeidet i regionen og ute på misjonsmarka. Administrasjonsleiar Trond Platsen, utsending frå landsstyret, tala på opningsgudstenesta. «Lat ikkje hjarta dykkar uroast, tru på Gud og tru på meg».
Det spirer fram og det skjer noko nytt i arbeidet. Ikkje så mange norske misjonærar som vert sende ut, men det har aldri vore fleire lokale tilsette i dei ulike misjonslanda.

Gleder og utfordringar
Det har vore god oppslutnad om leirarbeidet for barn, unge og familiar. Normisjon har to folkehøgskular i Sogn og Fjordane der det går ca 230 ungdommar. Fantastisk!

 I samtalen om arbeidet kom det fram uro, fortviling og ikkje minst utfordring i høve DnK skal få ny vigselsliturgi i 2017.

Når det gjeld økonomien, er den utfordrande i 2016. Regionen hadde i 2015 eit overskot på ca 13.000 kr.

Val til styra
Svein-Ottar Sandal vart attvald som styreleiar for 2 år. Ny i styret er Agnar Ullaland frå Naustdal. Vara til styret er: Svein Helge Hofstad, Tor Kristian Stevik og Anne Marit Standal.

Nye i Acta-styret: Ragnar Hansen, Ane Marte Warvik, Ive van Oorschot og Frida Bjørnereim. Rune Tøsse vart attvald som Acta-styreleiar. 

God stemning på festkvelden
På festkvelden talte Trond Pladsen tema «dere er mine vitner». Det var også, solosong, allsong, og ein takk til dei som har gjort ein innsats i styra.
Misjonsarbeidet i Mali var i fokus, og det vart bedt spesielt for misjonærane våre der og i Senegal.
Kvelden vart avslutta med kaker og godt fellesskap.