Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

«Kor e Jesus?»

Nils Jøssang
Foto: Vegard Tennebø

I Bibelen er det mange som leiter etter Jesus (utan parallellar elles!). Vismennene frå aust leita etter han når han vart fødd. Foreldra hans leita, då dei gløymde han i hovudstaden som 12-åring. Folket leita stadig etter han då han reiste rundt og forkynte og demonstrerte Guds rike; lækte sjuke og sette menneske fri frå plager. Mannen som hadde ein son med ei vond ånd leita etter Jesus. Maria Magdalena leita etter han tidleg påskemorgon. For å nemne nokon.

Motiva til dei som leita varierer. Men ingen som leita etter den han faktisk var, vart skuffa. Ved eit høve, ein av dei årlege festdagane, ropar Jesus ut: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» (Joh. 7,37-38). Jesus inviterer oss til seg og lover noko som eg slit ned å forstå reint intellektuelt, men hjerte mitt responderer.

For eg òg leiter etter Jesus. Eg har vakse opp i ein kristen heim og valde sjølv å følgje Han tidlig i ungdomsåra, likevel leiter eg. Fordi eg treng Han. Eg treng Hans kjærleik, som møter meg, tilgir og fyller meg. Eg treng at Han leiar meg og verkar i og gjennom meg. Jesu ord denne festdagen vekker framleis lengslar i meg; det finst meir å hente, meir han ynskjer å gje!

Men kvifor opplever eg då at eg stadig må leite etter Han? Ein idé streifar meg stadig:
Kan det være fordi Jesus vil ta meg med inn i det han gjer?

Han er i himmelen hos Gud, Far, og inviterer meg inn i et perfekt fellesskap med heile treeininga. Han er i ordet og verkar i meg med sin ande, slik at heile mitt vesen kan bli forvandla meir lik Han. Han er midt i blant oss som trur og inviterer meg til å gje av det eg har fått og ta imot hans nåde i og gjennom fellesskapet.

Ikkje minst er Han i denne verda, og ingenting hindrar Han frå å stadig møte menneske som ikkje kjenner han. Eg får bli med så mykje eg vil!

Min lengsel er at eg, på same måte som David finner meg og stråler, kan få finne Jesus i min kvardag. Sjå Han, erfare Han, følgje Han. Og stråle av glede.