Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Damer med driv!

Eva S. Langseth og Hilde Balsnes Lande har kome som perler på ei snor etter ein periode der Holmely var utan dagleg leiar.
Foto: Ingebjørg Isane Fure

Naturen er i stille modus denne helga. Så stille at ein frå daglegstova kan fylgje med korleis ein tjeld sym under vassoverflata like utanfor Holmely. Han dukkar opp att etter ei stund. Truleg fann han maten han jakta etter.

Inne på Holmely er det stille under frukosten, men etter kvart høyrer ein mange livlege stemmer, latter, song og gitarspeling. Huset er heilt fullt av menneske som vil fordjupe seg i bøn og lovsong. Heidi Strømsmo underviser om temaet ut ifrå Bibelen og mykje livserfaring. Deltakarane fortel om opplevingar som er litt som med tjelden; ein dukkar ned i noko og finn næring, for trua og livet.
   - Det var ei veldig flott helg. Eg kan ikkje la vere å tenkje på det Jakob sa: «Herren er på denne staden» (1. Mos 28), sa Henry Nygård, som kom heilt ifrå Stord i lag med kona for å delta på denne temahelga i mars.


Det er ikkje berre tjelden som likar seg ved sjøen rundt Holmely; svanar og andre fuglar finn også næring her. 

Leiarar med ein brann
Både vikarierande leiar, Hilde Balsnes Lande, og leiar i morspermisjon, Eva Langseth, var med på helga om bøn og lovsong. To småbarnsmødrer med ein brann og stort mot i Holmelyarbeidet. To kvinner som har teke på seg ansvar som ikkje alltid er enkelt å bere med tanke på økonomi, arbeidsmengd og andre utfordringar. Og eit arbeid som skjer litt i det stille, fordi det handlar om å vise omsorg for enkeltmenneske og legge til rette for at den enkelte kan få drikke av kjeldene i Gud.

   - Kva er drivkrafta di, Hilde?
   - At folk skal få sjå meir av Jesus, og få erfare ein levande Gud. Eg ønskjer at dei som kjem hit skal få oppleve fellesskap med godleik og omsorg. Og i det heile få erfare at kristentrua femner om absolutt heile livet, både dei gode og dei mindre gode dagane. Holmely er ein plass som står midt i alt dette, det opplevde eg så sterkt då eg kom hit fyrste gong for snart eitt år sidan. Difor har eg så inderleg lyst til at så mange som mogleg skal få kome til Holmely og bli møtt av det same som eg møtte.
   - Det er heilt fantastisk å oppleve når gjestane våre seier slikt som at «eg får så god sjølvtillit av å vere på Holmely, eg blir så oppreist inn i meg». Då tenkjer eg at eg har verdas beste jobb!

Eva Langseth er for tida litt inne i arbeidet på Holmely sjølv om ho har morspermisjon.
   - Eg greier ikkje å halde meg heilt unna, nei, sjølv om eg er fullt trygg på at Hilde gjer ein alle tiders jobb som dagleg leiar. Å sjå korleis Gud møter menneske på ulike måtar, og få vere med på det Han gjer på denne plassen, er stort. Difor kjem eg innom på nokre temahelgar, også som frivillig hjelpar. Holmely blir drive på to små lønna stillingar, og er difor avhengig av frivillige som bidreg på ulike måtar. Sjølv om eg ikkje kan bidra så mykje akkurat no, er det kjekt å kunne hjelpe til litt.


Holmely.

Omsorg for heile mennesket
I vedtektene for Holmely står det: «Holmely har i samsvar med Bibelen og Den evangelisk-lutherske vedkjenning  som formål å føre menneske inn i eit nært fellesskap med Jesus Kristus gjennom tilbod om sjelesorg, samtaler, forbøn og skriftemål. Gjennom dette arbeidet ønskjer Holmely å få vise Jesu omsorg for heile mennesket og få vise vegen til kjeldene for det nære livet med Gud.»
   - Tenkjer du at ein oppnår dette i arbeidet, Hilde?
   - Holmely står på mange bein. På arrangementa våre; temahelger, sjelesorgskurs, retreatar og i bønearbeid, ser vi at Gud verkar på mange ulike måtar. Nokre blir begeistra og sterkt møtt av ei fint oppreidd seng, nokre kviler i at dei får heimelaga mat, som vår gode husmor Haldis Håvik oftast står bak. Av og til er ein liten prat det som trengst. Gjestane får også forsyne seg av undervisning og bønesamlingar. Gjennom forbøn, stillhet og ro opplever fleire ny fridom. Godt fellesskap gjer underverk for mange, og vi ser også at Gud verkar mykje gjennom naturen ved Holmely. Men det er sjølvsagt ikkje alle flokar i livet eller trua ein kan løyse på få dagar; prosessar kan ta tid. Vi legg til rette på ulike måtar, og så møter Gud gjestane slik Han veit det trengst.
   - Vi ser at mange reiser her ifrå med nytt mot, så eg opplever at arbeidet er i tråd med formålet. Samstundes treng vi spørje oss sjølve og Gud kva vi kan gjere endå betre og korleis få endå fleire til å kome hit.


Naturen ved Holmely innbyr til rekreasjon. 

Draumar
 - Kva drøymer de om for Holmely vidare?
   - Det er eit rop etter kvile, ro og stillhet i samfunnet vårt, og dette HAR Holmely; ikkje ei tom stillhet, men stillhet og ro der Gud er. Dette brenn vi for at endå fleire skal få erfare, for det trengst! Aktivitetsnivået er stort også i kristne samanhengar, og her kjem Holmely inn som ein viktig kvile- og påfyllsplass.
   - Eit ynskje er at huset skal vere meir i bruk også utanom arrangementa våre, både av enkeltpersonar og grupper. Holmely kan til dømes brukast til konfirmasjonar, selskap, styrehelgar og så vidare.  

Dei to damene legg også til: 
   - Vi er så takksame for alle som står med oss i bøn, gåver og frivillig arbeid. Ei bøn er at Gud kallar endå fleire til å bidra.

Lurer du på kva retreat er? Her er ei infoside om kristen retreat


Ønskjer du å gje ei gåve til Holmely, bruk kontonr. 3000.14.72204. Eller kontakt Holmely dersom du vil bli fast gjevar til dette arbeidet. 
Sjå også Holmely på www.retreater.no
Lik Holmely på Facebook! www.facebook.com/holmely