Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Fjordlyfestivalen

Foto: Halgeir Lade

110 turar rundt grusbana og opp til flaggstonga og ned att, tok hestane til saman denne dagen! Alltid med ein liten eller ein litt større kropp på ryggen. Pil og boge, kjempesprettert og luftgeværskyting var òg populære aktivitetar. Dei to doble vaffeljerna steikte vaflar kontinuerleg, og i grua blei pølser grilla akkurat passe svarte. Inne i kafèen var det mange som kjøpte seg middag, og kanskje endå fleire som kjøpte seg kake eller bolle. Etter kvart blei det fleire og fleire kattar, prinsesser og blomstrete ansikt å sjå. Til og med ungdomar og vaksne fekk fornya ansiktet på ansiktsmalingsposten.

Andakt om leiteaksjon
Katarina Aabrekk hadde andakt på barnekonserten med prinsessepynt i ansiktet, lommelykt i handa og refleksvest på seg. Ho fortalde om større og mindre leiteaksjonar. Ei dame som Jesus fortalde ei likning om, leita etter ein mynt. Vi leitar etter mobilen eller bamsen, og Gud leitar etter dei som har vendt seg vekk frå han.

Barne- og tweenskor stilte opp
Det beste med festivalen var nok dei tre barne- og tweenskora som var der. Davik barnekor, Stadlandet barnekor og Måløy Soul Children song fint under konserten, og imponerte med gode solistar, god lyd og engasjement. Salen var stappfull av glade tilhøyrarar. Til saman var det omtrent 140 personar der. Dagen blei avslutta med Festivalfinale, der det blei delt ut premiar for best skyting med pil og boge og luftgevær, og best kasting med hestesko. Det var premie i både barne- og vaksenklasse.

Inntekt til Ecuador og ny hytte
I år går halvparten av inntektene frå festivalen til jordskjelvramma i Ecuador, og halvparten til bygging av ny Seljehytte på Fjordly. Desse formåla får omtrent kr. 10 000 kvar. På grunn av mange gode medarbeidarar, blei Fjordlyfestivalen i år ei kjekk oppleving for både små og store. Det er spesielt kjekt at folk som ikkje er så ofte på Fjordly, koser seg på festivalen og seier dei har lyst til å kome att!