Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Glade dagar med dugnad og sommarfest

Sigrun Berge Raae og Liv Fure fekk takk for solid innsats over mange år i Holmelystyret. Vik. dagleg leiar Hilde Balsnes Lande til høgre.
Foto: Ingebjørg Isane Fure

Invitasjon til dugnad og sommarfest hadde gått ut langs land og strand, og folk møtte opp med stor arbeidsglede. Nokre hadde også med forskjellig utstyr til oppgåvene: Ein kom med motorsag og freste ned småskog i ein fei, og med tilhengar som vart fylt opp med storboss og køyrt vekk. Ein annan kom med ryddesag og slo skråninga nedom Holmely. Ein bygningsmann kom med bilen sin full av utstyr og reparerte og ordna mangt og mykje. Det var svært gledeleg å høyre mange «bråkelydar» på Holmely desse dagane! Andre mala inne og beisa ute, medan nokre stakk hovud og hender ned i blomsterbed og prydbusker, og gjorde det så vakkert rundt omkring. Ei steikte vaflar som gleda heile gjengen. Nokre hjelpte også husmor Haldis med å lage til grillfest. Det var også kveldsbøn og morgonbøn i kapellet, og elles tid til prat og hyggje.

Sommarfest
Endå fleire kom til sommarfesten, der i mellom dagleg leiar i morspermisjon, Eva Langseth. Nydeleg grillmat vart fortært medan folk kosa seg rundt borda. Lyden av fleire barnestemmer rundt forbi løfta stemninga eit par ekstra hakk! Etter kvart sette ein i gong ein minibasar som gav ei fin inntekt til Holmely saman med kollekten. Jan Gudmund Skrivervik song av eiga repertoar, Liv Torvanger hadde ord for dagen og formidla så fint om ein levande og nærverande Gud. Vikarierande dagleg leiar, Hilde Balsnes Lande, hadde ein «årskavalkade» i diktform. Sjølv om økonomien er stram, har det vore mykje å glede seg over i arbeidet siste året.

Heider og takk
To sentrale damer i Holmelyarbeidet har gått ut av styret. Liv Fure var styreleiar frå 2007 og ut 2015. Sigrun Berge Raae har med nokre få års unntak sete i styret heilt frå starten av og heilt til sist nyttår. Dei fekk velfortent, stor takk og gode ord frå både Holmely og Normisjon Sogn og Fjordane.

For tida er det ingen styreleiar for Holmely, men likevel eit aktivt styre som er med og tek eit viktig ansvar. Dei som sit i styret er: Jan Gudmund Skrivervik, Liv Torvanger, Anita Vaag, Olaug Aa, Solveig Gjørven.

Hjarteleg takk til alle som var med på dugnad og festen, og til alle elles som støttar Holmely gjennom forbøn, gåver og frivillig arbeid.


Neste arrangement på Holmely: Keltisk retreat 9.-12. juni.