Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Berle hobbyklubb

Berle hobbyklubb har helde på i 45 år med Jorunn og Reidar Ytre-Hauge som primus motorar.
Foto: Stine Hopland

Eldsjelene Jorunn og Reidar Ytre-Hauge har vore drivkreftene bak arbeidet, saman med trufaste hjelparar. Her har born og unge fått vore med på varierte hobby-aktivitetar – alt frå spikking, laging av lyslykter, påske- og julepynt til flatbrødbaking, badetur til Havhesten og grilling i fjøra. Samlingane har også innehelde song og andakt. Hobbyklubben har hatt ca. 100 % oppmøte av dei unge i bygda.

I mai fekk tilsette i Acta vere med på sommaravslutninga til Hobbyklubben. Ei idyllisk oppleving i havgapet, saman med flotte born, unge og vaksne. Her var det både grilling, potetløp, leikar, andakt og spikking av seljefløyte. Andakten handla om at vi alle er skapte unike av Gud. Vi har ein tendens til å setje merkelappar på kvarandre, men eigentleg er det kva Gud seier om oss som betyr noko, og Han seier at Han elskar oss. 

Vi takkar for den strålande innsatsen Reidar, Jorunn og dei andre har lagt ned i arbeidet!