Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ny husøkonom

Kirsten Skogstad Johansen.
Foto: Anna Marie Skogli Vatnamo

Ho er i første omgang riktig nok tilsett i ein prøveperiode på seks månader. Kirsten er frå Sandefjord, og har drive med mange ulike ting her i livet.

Ho er no koma godt i gong, og har vore gjennom den mest krevande fasen der alt er nytt. I denne tida har det vore 17.-mai-buffet, bussgrupper både til overnatting og lunsj, mange konfirmasjonsselskap og mykje anna, så ho har fått eit innblikk i kvardagen på huset.

Vi har spurt henne kva inntrykk ho har etter desse første hektiske vekene, og svaret er «spennande, mykje forskjellig som skjer». Ho seier vidare at ho synest det er pent her, både hotellet og bygda.
 
Vi er glade for å ha Kirsten i blant oss, og ønskjer henne velkommen hit, og lukke til i tenesta! Ta Kirsten med i bønene dykkar!