Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Luftige svev på leir!

Zip-line er populært på leir på Teigen. Her er teammedlem Knut Leirgul i svevet!
Foto: Acta Sogn og Fjordane

Leir er ein svært viktig del av arbeidet til Acta, her samlast born og unge frå heile regionen vår til felles opplevingar, aktivitetar og forkynning. Acta barn og unge i Normisjon sin visjon er «grensesprengjande fellesskap, der barn og unge møter, ærer og følgjer Jesus Kristus». Dersom vi skal klare å nå denne visjonen er det mykje som må klaffe. Vi treng å skape arenaer der born og unge kjenner seg trygge og sett, vi må legge til rette for aktivitetar og leik, alderstilpassa undervisning og rom for at enkeltmenneska kan bryte grenser i eigne liv. Dette er ein stor jobb, ein viktig jobb. Det handlar om å gi Jesus vidare til born og unge.

Leiartrening
Tanken bak å ha eit sommarteam er at vi treng å dyktiggjere leiarane våre, og utruste dei til å vere bevisste disiplar og leiarar som gjennom å bli leia vil leie andre til eit liv i Jesus! Våre leiarar treng å bli utrusta for sjølve å kunne utruste andre. Vi er eit sendt folk - eit folk med eit oppdrag. For å klare dette oppdraget er vi avhengig av å leve tett på han som er den store leiartrenaren; Jesus.

I mange år har Acta i region Sogn og Fjordane hatt sommarteam som ein av sine viktigaste arenaer for leiartrening. Teamet består av 4 ungdommar over 18 år. Saman med dei tilsette i Acta regionalt planlegg og gjennomfører dei 7 leirane på Teigen og Fjordly i løpet av ein sommar. Denne typen leiartrening gir oss ikkje berre erfaring med å lage leir, men fremjar også samhandling og teamarbeid. I tillegg til å gjennomføre leirar får teamet også undervisning og oppfølging i høve forkynning, førstehjelp, tryggleik, m.m. Gjennom å snakke, leve og arbeide saman ein heil sommar får ein unike moglegheiter til tett oppfølging, og til å kunne bringe det ein lærer vidare til andre.
Teamet jobbar saman for å komme nærare Jesus og leie born og unge til han.

Team 2016
Nokre ungdommar brukar ein sommar eller kanskje to på sommarteam, andre kjem att år etter år. På sommarteamet 2016 finn vi fire som alle har brukt fleire somrar på team allereie. Linda Breiteig Bakke, Kristin Stave, Inge Ytrehus og Knut Leirgul skal også denne sommaren bruke tida si på leir. Vi tok ein prat med nokre av dei for å finne ut kvifor dei kjem att til denne jobben år etter år?

Linda er på team for femte gong, og gjev oss følgjande grunngjeving når vi spør kvifor dette har blitt ein slags «sommartradisjon»:
   - Fjordly betydde mykje for meg i oppveksten. Det var ein stad der eg kjende meg trygg, kunne vere meg sjølv og få ein «ferie» frå kvardagen. Det var òg ein plass der eg fekk lære om Jesus, tørre å seie at eg trur på Gud og ha eit godt kristent fellesskap. På leir har eg fått fleire av mine beste vener. Å bruke sommaren min på leir er veldig givande for meg, og eg håpar å kunne gi den gode «leir-pakken» vidare. Eg storkosar meg med å finne på sprell i lag med dei andre leiarane, spele kubb, og å snakke med, be for og bli kjent med deltakarane. Grunnen til at eg er leiar på leir er til sjuande og sist at eg ynskjer å gje Jesus vidare. Det er noko «magisk» når unge deltakarar sjølve tek initiativ til å be kveldsbøn på rommet før dei skal legge seg.

Også Inge gler seg til ein ny sommar på team:
   - Det er kjekt å kunne bruke heile sommaren sin på leir-arbeid. Leir har vore det viktigaste for at eg sjølv har blitt kristen, og derfor er det kjekt å kunne gjere det same for dei som ønskjer å reise på leir no. Det blir kjekt å bidra til at born og ungdom skal kunne få gode sommarminne frå leir, og at dei skal få knytte kjennskap med kvarandre og Gud. Eg ser veldig fram til å leike, herje og bruke tid med Gud saman med alle som kjem på leir!

Leirane
Teamet skal i år vere med på sju leirar. To leirar på Teigen, og fem på Fjordly. Vi skal ha mini- og amigosleir, tweensleirar, ein tenleir og ein familieleir. Førebuingane er godt i gang, og påmeldingane har starta, men det er framleis rom for påmeldingar på fleire av leirane. Aktivitetane på leir er mange, kanskje blir det gjørmefotball, «sjøslag», eller «skattejakt»? Vi kan i alle fall love båt, kano og kajakk, bading, fotball, volleyball, bordtennis, biljard, god mat, peiskos, bålbrenning, delekveldar, andakter, bibeltimar, litt søvn, spel, leik og latter! Temaet for sommaren er bøn, og vi vonar at vi får sjå og oppleve at bøn har stor verknad, og framleis er ein viktig del av det å vere ein disippel av Jesus.

Ver gjerne med i bøn om at leir må få gi grensesprengjande fellesskap, der born og unge får møte, ære og følgje Jesus Kristus.

Her kan du melde deg på leir


Munter gjeng på ten-leir hausten 2015. Det blir også mykje liv og røre gjennom sommarleirsesongen 2016.