Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Anfin Skaaheim til minne

Anfin Skaaheim
Foto: Normisjon

Han ville ha blitt 77 år den 7. juli i år. Med Anfin Skaaheim sin bortgang har kristennoreg mista ein av sine mest sentrale forkynnar og leiar. Hans evne til å aktualisere den kristne bodskapen inn i vår tid både med humor og djup teologisk tenking er det Anfin mest vil bli hugsa for. Men som generalsekretær i Skulelaget, Indremisjonsselskapet og Normisjon har han også sett djupe spor etter seg.

Anfin Skaaheim vart født på Torvikbukt på Nordmøre den 7. juli i 1939. Med far som folkehøgskuleleiar og prest vart det eit omflakkande liv i oppveksten. Han starta si utdanning på Firda Gymnas på Sandane, og dette var ei tid han ofte omtala som stor og viktig for hans liv. Her fekk han gjennom det kristne skulelaget Concordia og kameratfellesskapet «smaken» på meir kunnskap om den kristne trua. Det førte han til Menighetsfakultetet i Oslo, der han vart utdanna teolog og ordinert til prest i 1966/67. Men det var ikkje som prest i Den norske kyrkja han brukte sin teologi. I heile sitt vaksne liv har han vore leiar i frivillige kristne organisasjonar - Norges Kristelige Student og skoleungdomslag, Indremisjonsselskapet og Normisjon. Han blei kalla fusjonsgeneralen då har leia fusjonen mellom Indremisjonsselskapet og Santalmisjonen i år 2000. Ei stykke historieskriving som truleg berre Anfin Skaaheim kunne makte å gjennomføre.
Anfin Skaaheim var ein markert forkynnar og teologisk debattant. Han stod opp for sentrale kristne verdiar, og hans forkynning var Jesus nær og utfordrande både til tru og teneste.

I Sogn og Fjordane var Anfin Skaaheim ein kjent og kjær person både i kyrkja og i dei kristne organisasjonane. Særleg Nordfjord var hans «glade område», her var han ofte som predikant og misjonsleiar og mange er det her i dette området som takkar Anfin for at dei fekk sjå det store i trua og det kristne livet. Det er særleg mange i dette området som med stor sorg mottok meldinga om at han er død.

Hytta på Blakset og Misjonsheimen i Innvik var for han som «å kome heim». Det er også frå miljøet på Firda Gymnas at han henta mykje av sin humor. Etableringa av Firda Maskinlag L/L (samling av teologistudentar i vesentleg frå Nordfjord - som kjøpte seg hårklippemaskin og danna lutlag) viser kva god humor som låg i Anfin Skaaheim.

Personleg var Anfin ein nær misjonsvenn gjennom mitt arbeid i landsstyret i Indremisjonsselskapet og seinare Normisjon. Han var generalsekretær og eg var nestleiar i landsstyret over i Normisjon. Her fekk eg oppleve han som ein ven og medmenneske og som det blir eit stort sakn når han er borte. Men Anfin vitna heile sitt liv om det evige livet gjennom trua på Jesus Kristus, og der er han no.