Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Bønn på leir

Bandy og bønn på Stemnestaden...
Foto: Kjersti H Bjerga

På leir har me hatt samlingar med forteljingar om Elia, Maria og Peter som trudde på ein Gud som høyrer bønn. Læresveinane såg at bønn og var viktig for Jesus, og han lærte dei å be. «Vår Far i himmelen» er blitt bedt og snakka om på leirane. Me har lært kva bønn kan vera for oss i dag, og korleis me kan be.

Ei jente som var på Minileir, spør ennå om dei kan syngja «Herre, din jord», både til måltid og ved sengekanten. Eit bordvers, men og ei bønn. Ei bønn om at me kan vera takknemlege over det me har. Ei bønn om å få hjelpa andre slik at det er nok til alle.

Misjon er ein del av innhaldet på leirane. Amigosprosjektet i Ecuador viser oss kor viktig det er at me veit om kvarandre og viser omsorg. Ved å vera med å bidra, kan me vera eit bønnesvar for eit barn ein annan stad.

Ein gutt sa ein kveld: «Eg har nok fått gult lys». Han hadde lært at bønnesvar kan vera ulike. Av og til må me venta på eit svar. Ikkje alltid kjem svaret me hadde ynskja og bedt om. I dette tilfellet galdt det penger så han kunne få kjøpt seg det han meinte han trong.

I kjente omgjevnadar, i nye utfordringar, på vaklande føter eller blant gode venner er Gud med oss. Alt kan me fortelja til Jesus. Dette er leirminner deltakarar og leiarar tek med seg. Be for dei nå når kvardagen er her.