Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

«Vi over 60» på Innvik Fjordhotell

Kåre Vølstad og Harry Andersen bidrog begge til flotte dagar for deltakarane.
Foto: Even Skogli

Temaet for «Vi over 60» i år var: Vi møter Jesus i Johannes evangeliet.
Måndags kveld starta Vølstad med innleiing av Johannes-evangeliet samt litt av forfattaren og bakgrunnen for Johannes-evangeliet. Tysdag talte Kåre Vølstad om at Jesus var i lag med mange mellom anna inntoget i Jerusalem, då han metta 5000 og om kvelden snakka han om soninga på Golgata. Onsdagen snakka Kåre om sorg og ulike hendingar i Bibelen som omfattar dette. Torsdag talte Kåre om fest og glede samt møte med Nikodemus, og om kvelden var det den tradisjonelle klubbemiddagen etterfølgt av misjonskveld der Bjørg Sandal og Ingebjørg Isane Fure kom og fortalde frå Nepal. Fredag avslutta Vølstad årets arrangement med å tale over oppstoda og kva det har og seie for oss.

Vi på Misjonsheimen takkar alle som kom og var med på årets «vi over 60» og spesielt Kåre Vølstad, Harry Andersen og Frank Helvin som var med å lose forsamlinga gjennom heile veka på ein framifrå måte.