Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Nøgd med «so det pla»?

Hildegunn Gjesdal Tennebø, rektor på Nordfjord folkehøgskule.
Foto:

Den er nemleg ikkje berre oppdelt med tal, men også med kategoriar som er merka med dialektord. Til dømes kan det vere «klegghete» eller «daseveir». Den oftast brukte kategorien er likevel, både sommar og vinter, «so det pla». Altså: slik det pleier. Det er mellom 10 og 14 grader. Og denne sommaren har det vore mykje «so det pla».

Det er ein forskjell på å vere temperaturmåler og på å vere termometer. Eit termometer bestemmer temperaturen ved innstillinga, medan den andre rett og slett les av temperaturen der den står. Korleis er du? Er du ein av dei som er med på å sette temperaturen, og i så fall: vert det varmare eller kaldare? Eller er du ein av dei som berre registrerer korleis ting faktisk er?

No er vi i gong med ein ny haust, mykje arbeid har starta opp att etter ein lengre sommarpause. På bedehusa er det igjen lys i vindauga, barneklubben er samla, det er liv i koret, eller bønnegruppa samlast. I dei aller fleste tilfelle går nok ganske mykje på repetisjon frå år til år. Vi har begrensa med tid og krefter alle saman, og det kan vere vanskeleg å finne rom for å gjere endringar. Mange synest dessutan det er godt at ting er omlag slik det «pla» vere. Eg trur det er sunt å reflektere over om dette fører oss rett vei.

I Bibelen møter vi mange menneske som viser oss korleis enkeltpersonar kan vere med og sette ein ny temperatur. Eit døme: Medan mange ville registrert at fienden er for sterk og for mange, går David i kamp med Goliat - ein kamp han med Guds hjelp vinn, og som er med på å endre historia. Hans innstilling var at alt var mogleg, og at han kunne vere ein del av det. Når Jesus så nokre år seinare kjem og går i kamp med den verkelege fienden; Satan, synda og døden, set han for all framtid ein annan temperatur for kva som er mogleg. Det er mogleg å vinne eit evig liv, det er mogleg å sjå siger over det vonde og den vonde! Guds kjærleik utfordra alt som var,- og gav noko nytt.

 Vi treng ikkje vere nøgde med at alt er «so det pla». Tvert om: vi kan inkludere Jesus i alt vårt og be han om å sette temperaturen i vårt liv og i våre felleskap. Eg ønskjer alle god haust med god temperatur!