Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ruste for framtida

Familiearbeid er ei viktig satsing for region Sogn og Fjordane. Her frå familieleir på Fjordly i sommar.
Foto: Acta Sogn og Fjordane

Alle investeringane vi som vaksne gjer i liva til borna våre, er sjølvsagt useieleg verdifulle her og no – men perspektivet er lengre: dette vert også ballast for dei seinare i livet. På mange måtar er det privilegiet vårt som foreldre: å ruste eit menneske for framtida. Vi er alle merkte av eigen barndom – på godt og vondt. Så kva arv er det vi gjev dei? Korleis rustar vi dei for framtida?

Dette spørsmålet kling med i alt misjonsarbeid og fellesskapsarbeid også. «Gå ut og gjer alle til mine læresveinar», sa Jesus. Eg og mange med meg vil seie at det er dette som er inste kjernen i eit kristent liv: disippelgjering.

Disippelgjering er rusting
Å vere ein læresvein er to ting: for det første å late seg ruste for framtida med evangeliet om Jesu nåde. For det andre å vere med og ruste andre for framtida med det same evangeliet.

Så enkelt er det. Men samstundes er det enormt stort, for det er få ting i denne verda som involverer heile livet vårt som dette store kallet. Difor har Normisjon t.d. bygd leirplassar og drive folkehøgskular: for å ruste barn og unge for framtida. Vi vart bedehusrørsle fordi lokale foreiningar og lag skulle få plassar å samlast på, så dei som fellesskap kunne rustast til å leve det kristne livet – som læresveinar.

Normisjon har dei siste ti åra auka farten på kyrkjelydsplanting i Norge (noko ein har gjort heile tida på «misjonsmarka»), og slik rusta 1000 vis av menneske til å vere kyrkje i ei ny tid. Soul Children, den mest hurtigveksande kor-rørsla i Norden, leirarbeidet vårt som årleg samlar fleire 100 på Teigen og Fjordly her i regionen, fellesskapsutviklinga - ja alt vi gjer: For å ruste - utruste – menneske med evangeliet om Jesus Kristus, verda sin frelsar – deira frelsar.

Folk og Hus
«Folk treng hus og hus treng folk» syng Kari Bremnes i songen «bruknr 3 - Folk i husan».
Det er noko i det. Ei formidabel byggjelyst har prega lekmannsrøyrsla i Norge, også her i fjordfylket. Bygga våre er først og fremst ei velsigning for oss. Det skapar trygge rammer og tilbyd føreseielege situasjonar for å skape rytme og retning. Det gjev moglegheiter og møteplassar. Ikkje minst har dei gjeve nevenyttige menn og driftige kvinner, kanskje spesielt dei som har tenkt om seg sjølv at dei ikkje var så flink med ord, ein arena til å kjenne at dei også gjer viktig arbeid i Guds rike. Bygging blir ofte det konkrete prosjektet som er lett å engasjere seg i. Her er eit synleg resultat av det mange saman brenn for, gjev pengar og tid og arbeid til. Det kan vere godt med noko synleg i trua på ein usynleg Gud. Og så er det ansvar med bygg. Dei skal haldast i hevd – ja også rustast for framtida, om dei skal halde fram med å vere dei tenelege møteplassane dei har vore.

Teigen og Fjordly
Difor rustast både Teigen og Fjordly no om dagen. Dette er nødvendige løft for oss, slik at leirplassane våre kan komme opp på ein standard folk i 2016 forventar. Vi kan like det eller ikkje, men vi må orientere oss utifrå at vi bur i Noreg.

Teigen har gjennom fleire år og timevis med dugnadsarbeid sett i stand og pussa opp fleire rom. Nytt lydanlegg er installert. Ein merkar at her er det ting på gang. Og det er planar om mange fleire utbetringar. Så kom og bli med. Reis til Teigen og sjå kor fint det har blitt!

(Saka held fram under bildet.)

Tidlegare i år vart det laga eit flott "buldrerom" på Teigen.

I august vart Seljehytta på Fjordly riven og arbeidet med å reise ei ny tek til. Målet er at alle hyttene på Fjordly skal opp på same standard som Innfjord- og Stad/Davik-hyttene. Også her blir det meste gjort på dugnad.

Det er verdt å bruke tid og pengar på slikt. Det aukar attraksjonsnivået for både leirdeltakarar, men også for eksterne kundar, slik at Teigen og Fjordly vert rusta for å kunne tene meir.

Hus og Folk – det er ikkje eit anten – eller men eit både – òg i misjon. Winston Churchill sa at «først formar vi våre hus, dernest formar dei oss».
Men lat det vere klart: i misjonens teneste er hus aldri mål i seg sjølv. Dei er og blir middel, verktøy og tenarar for folka som skal bu i dei – og for oppdraget misjonens Herre har gjeve oss.

(Saka held fram under bildet.)


Fjordly sett frå lufta. Foto: Vidar Isene. 

Fellesskapa
Når vi forstår at vi må ruste bygga våre for framtida, skulle vegen vere kort til å sjå kor avgjerande viktig det er å ruste fellesskapa våre for framtida også. For tome, ubrukte hus er ingenting, sjølv om dei er «up to date»… Difor satsar regionen på Agenda1, leiartrening og fellesskapsutvikling.

Å ruste opp: Å utruste heiter det ofte på kristianesisk.
Det greske ordet har i alle fall tre ulike tydingar:

Medisinsk: å setje eit lem i ledd.
Paulus liknar fellesskapet med ein kropp. Og dette fellesskapet vert utrusta når kvar lem på kroppen kjem i ledd. Korleis er det i ditt fellesskap? Er de i ledd?

Militært:
klargjere seg
Har fellesskapet rusta seg til å kunne stå i striden? Efesarbrevet avsluttast med å snakke om den fulle rustning. Underforstått: alt som er skrive om her er verdt å kjempe for, det er under angrep. Åndskampen er reel! Er fellesskapet rusta for slikt?

Arkitektonisk:
byggje opp
Let fellesskapet seg byggje opp av Guds Ord? «De er oppbygde på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv». Ef 2,20.
Får forkynninga; læra rikeleg plass blant oss?

Anten rustar vi vekk, eller så rustar vi for framtida.. Valet er enkelt, spør du meg!


Vil du støtte arbeidet vårt? Her er kontonummera våre:
Teigen 3775.20.63630
Fjordly 3000.19.26310 (merk gåve "Ny seljehytte" viss du vil gje spesifikt til den)
Regionen og Acta 3000.14.71186 

Du kan også bli fast gjevar. Akkurat no er fastgjevar-skjemaet vårt på nettsida ute av drift, men det kjem snart tilbake. 
Send ein e-post til regionen viss du vil bli fast gjevar enten til regionen eller ein av einingane våre: sof@normisjon.no